Voss herad

Plaststrategi på høyring

Plaststrategi på høyring

Voss herad har laga eit framlegg til sin fyrste strategi for bruk og handtering av plast. Denne vert no lagt ut på høyring med høyringsfrist 21.oktober 2022. 

Denne vert eit vedlegg til kommunedelplanen Vossaklima 2030. Plaststrategien gjeld for heile kommunen, og skal bidra til redusert forbruk av plast og mindre plast på avvege. Strategien har same planhorisont som Vossaklima 2030, det vil seie 12 år og med rullering kvart 4.år.

Høyringsutkast for plaststrategien vart politisk vedteke i Utval for klima og miljø den 30.august og i Formannskapet den 1.september.

Høyringsutkastet finn du her (PDF, 3 MB) 

Innspel kan sendast til: postmottak@voss.herad.no