Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Plen på plass

Plen på plass

Klikk for stort bileteTysdag vart det lagt plen under målestasjonen til Meteorologisk institutt i Prestegardsmoen.

Klikk for stort bilete Stasjonen som måler temperatur for Meteorologisk institutt vart flytta i fjor haust, fordi den sto for nær asfalt, noko som virkar inn på temperaturen. Underlaget til målestasjonen skal vera gras, for å sikra lik måling på dei ulike stasjonane. Manglande grasdekke har gjort at eventuelle rekordmålingar ikkje er teljande. Avdeling for park, idrett og kyrkjegardsdrift fekk tysdag levert ferdig plen, og folk frå avdelinga la denne ut tysdag ettermiddag. 

 

Voss herad vil no ta kontakt med Meteorologisk institutt for å dokumentera at målestasjonen har grasdekke under seg.