Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Redaktør til Vossaboka

Redaktør til Vossaboka

Voss bygdeboknemnd søkjer i desse dagar etter ein ny redaktør for Vossaboka, gards- og ættesoger for gamle Voss kommune.

Det er tidlegare gjeve ut 3 band, og Voss bygdeboknemnd ynskjer å engasjere ein ny redaktør for band 4 og 5.

Høyres dette interessant ut? Gå inn på denne nettsida for vidare søknadsprosess.   

Tilbodsfristen er 1/9-21 kl. 12.00. Tilrår at søkjar er leverer tilbod før denne dagen

Klikk for stort bilete 

Bakgrunn

Voss bygdeboknemnd vart oppretta i 1962, og har sidan gjeve ut fleire gards- og ættesoger. Roald Lyngvær skreiv Ættebok for Vossestrand i 1971, og seinare kom Gardssoge for Vossestrand – Vinje sokn (skrive av Torstein Hellesnes, 1972), og Gardssoge for Vossestrand – Oppheim sokn (skrive av Hellesnes og Johannes Gjerdåker, 1980). Gjerdåker skreiv saman med Lars Schjærven Gards- og ættesoge for Evanger i to band, 1982 og 1984. I 2013 kom ei oppdatert Ættebok for Vossestrand 2, skrive av Åsmund Ohnstad, som dekte tida frå 1900 fram til i dag.

To av dei tre kommunane som slo seg saman i 1964 er altså godt dekte, men for den tredje er der store hol. Lars Kindem skreiv Vossaboki i fire band 1933–38. Det fyrste bandet handlar om Vangen, deretter kjem det tre band med gards- og ættesoge. Det Kindem skriv om gardar i desse bøkene er godt, medan det diverre er mange hol i ættelistene. Han følgjer ikkje opp alle ungane i ein familie, som regel nøyer han seg med han eller ho som tek over gardsdrifta. Det står heller lite om husmenn, slik at mange som leiter etter si eiga familiehistorie i desse bøkene fort køyrer seg fast.

Det er dette holet me no ynskjer å tetta. Me vil laga ei fullverdig ættebok for gamle Voss kommune, med ættelister som går fram til i dag. Og då verkar det òg rett å oppdatera gardssoga.