Utkastet til regional plan for klima, med tilhøyrande handlingsprogram, er no ute på høyring. Har du meiningar om planen eller handlingsprogrammet? Kom med innspel innan høyringsfristen 23. oktober.
Sist endra 09.09.2022 16.07
Regional plan for klima 2022–2035 er den nye klimaplanen til Vestland fylke. Han skal vere eit strategisk verktøy for å styrke klima- og miljøarbeidet. Ved å følgje opp måla og skildringa av korleis vi skal gjere det, sikrar vi at klima og miljø vert lagt som premiss for samfunnsutviklinga.
Les meir på Vestland fylkeskommune sine nettsider her