Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Registrering for vaksine

Registrering for vaksine

Alle som ynskjer å vaksinere seg mot Covid- 19 må registrere seg i Helseboka.

 Ein treng ikkje registrere i Helseboka på nytt dersom ein har gjort dette tidlegare.

 Dei som har registrert seg i Helseboka vil få sms med tilbod om å bestille seg time til vaksinering når det nærmar seg dato for vaksinasjon.

 Du kan sjølv logge inn på www.helseboka.no for å registrera deg eller sjekke om du er registrert.

Når det er din tur til å få vaksine vil du få ein sms med lenkje til bestilling:
1. Opne lenkja og bestill deg time til både dose 1 og dose 2 ( 6 veker mellom)
2. Velg deg eit ledig tidspunkt den dagen det er ledige timar.
3. Bestill time raskt etter at du mottek melding
4. Dersom du har registrert fleire personar med same telefonnummer, sjekk initialane i teksten som viser kven av dykk som får tilbod om vaksine.

Dersom du syns dette er vanskeleg be pårørande eller andre om hjelp.

Eventuelt kan du ringe vaksinetelefonen; 900 89 662, tast 2 for vaksinering så vil du få hjelp med timetinging.  

Grunna stor pågang på vaksinetelefonen ber me om at du får hjelp frå pårørande eller andre som kan hjelpe deg med timebestilling dersom dette let seg gjere. Vaksinetelefonen er open mellom kl 09- 12 måndag til fredag.