Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Revisjon av lokal gjødselforskrift på høyring

Revisjon av lokal gjødselforskrift på høyring

Klikk for stort bilete 

 I samband med arbeid med forbetring av vasskvalitet i alle vassdrag, jf. vassdirektivet og vassforskrifta, vert den lokale gjødslingsforskrifta for spreiing av husdyrgjødsel i Voss herad vurdert endra og er no sendt på høyring. Spreiing av husdyrgjødsel i tilknyting  til vassdrag med stor eller middels påverkningsgrad frå jordbruk, eller vassdrag med stor risiko for redusert vasskvalitet skal det ikkje lengre vere tillatt med gjødsling etter 1.september. 

Arbeid med betring av vasskvalitet som vert gjennomført i heile Europa er bakgrunn for revisjon av lokal forskrift om gjødselspreiing i Voss herad. Også i Voss har me vassdrag med utilfredsstillande vasskvalitet og må gjere tiltak for betring. Den gjeldande lokale forskrifta om spreiing av husdyrgjødsel gjev ei generell opning for spreiing av husdyrgjødsel fram til 1.oktober. I forslag til ny forskrift er det framleis høve til spreiing av gjødsel fram til 1.oktober, gitt at det ikkje skjer på jordbruksareal  i tilknyting til vassdrag med stor eller middels påverkningsgrad frå jordbruk, eller vassdrag med stor risiko for redusert vasskvalitet. Status for vasskvalitiet er registrert i vann-nett 

I Voss herad er vassdraga Moensvatnet, Bordalselvi, Melsvatnet, Opelandstjørni, Myrkdalselvi og Dyrvo område registrert med middels til stor påvekningsgrad frå landbruk. Voss herad har dermed ikkje heimel til å gje utsett spreiefrist  i tilknyting til desse vassdraga og foreslår å revidere forskrifta. 

For område som kan spreie gjødsel etter 1.september gjeld krav om større aktsemd og ein reduksjon i spreiemengde frå 3 til 2 m3 gylle pr daa.

Forslag til ny forskrift vert no lagt ut til høyring , med frist for uttale 5.juli.

Høyringsdokument (PDF, 385 kB)og forslag til ny forskrift. (PDF, 225 kB)