Voss Herad

Saman for ein god oppvekst

Saman for ein god oppvekst

Det skal vera trygt og godt for barn og unge å veksa opp i Voss herad. Av og til oppstår likevel utfordringar og vanskar som gjer at ikkje alle har det så bra. Veit du kva du skal gjera dersom du lurer på om eit barn eller ein ungdom treng hjelp?

Me har no publisert ein digital rettleiar som fortel kva du skal gjera, anten du sjølv er born eller ungdom, vaksen eller tilsett i heradet. 

Rettleiaren inneheld også mykje informasjon om arbeidet med betre tverrfagleg innsats (BTI), verktøy og nyttige lenkjer i arbeidet med å gje born og unge ein trygg oppvekst. Her er lenkje til rettleiaren:

Trygg oppvekst