Velkomen til inspirasjonskveld for foreldre til ungdom måndag 20.januar kl. 18.00.
Tema: Ungdom og psykisk helse.
Før, under og etter føredraget vert det høve til å møta ulike aktørar som jobbar for at barn- og unge skal ha det bra på Voss.
Fylgjande stiller på stand; skulehelsetenesta, kommunepsykolog, støttekontakttenesta, Avdeling for psykisk helse- og rusarbeid, politiet, Mental Helse, Natteravn, Voss Røde Kors, Kirkens Bymisjon, Voss Gatebil, utekontakt og ungdomsklubben Vangsgryto.
Dørene opnar kl. 18.00, føredraget startar kl. 18.30. Ingen påmelding, møt opp!
Khan held samme føredrag for elevar i vg1 og vg2 tysdag 21.januar kl. 09.00 og 13.00 i Gamle kinoen
Sist endra 06.01.2025 14.53
Informasjon om føredraget Motstand = Styrke:
Som lærarar, ungdomsarbeidarar og foreldre har me ei nøkkelrolle i utviklinga til ungdom. Me er med på å forma dei som menneske gjennom normene, verdiane og kunnskapen me gir dei – i barnehagen, på skulen og i livet elles. Adil reflekterer rundt dette i foredraget og deler døme på nøkkelpersonane han sjølv har hatt i livet sitt, og kva det har ført til. Han gir også konkrete verktøy og teknikkar for betre kommunikasjon med ungdom.
- Kva påverknadskraft har me som vaksne på ungdom og handlingane deira?
- Korleis kan me sjå ungdommen for den dei er, og støtta dei på vegen vidare?
- Korleis kan me som vaksne tilpassa kommunikasjonen for å skapa openheit, dialog og trygge omgivnader for ungdom?
Meir informasjon finn de på Friskus - Inspirasjonskveld for foreldre - Foredrag med Adil Khan - Arrangement