Voss herad

Send oss postkort frå 2050!

Send oss postkort frå 2050!

 

Vossaklima 2030 inviterer frivillige lag og organisasjonar til å sende inn postkort frå 2050! 

Voss herad er i ferd med å utarbeida ny kommunedelplan for klima, klimatilpassing og grøn omstilling - Vossaklima 2030. 

Vossaklima 2030 skal setja mål som bidreg positivt og konstruktivt i arbeidet med klimautfordringane. Fyrst og fremst vert det arbeida med kva som kan og lyt gjerast innan 2030, men visjonane om eit nullutsleppssamfunn i 2050 er del av bakteppet. 

Alle frivillige lag og organisasjonar i Voss herad vert no invitert til å senda oss postkort frå 2050. Kvar skriv du frå og korleis er det der hjå deg i 2050? Kva har Vossingane gjort for å kunna bli eit nullutsleppssamfunn? 

Send inn postkort her innan onsdag 6. april