Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Skjøtsel av kantvegetasjon langs vassdrag

Skjøtsel av kantvegetasjon langs vassdrag

Kantvegetasjon langs eit vassdrag er viktig for livet og artsmangfaldet i og langs vassdraget og betydning for landskapet. Vegetasjonen tek opp næringsemne frå overflatevatn og tilsig og er viktig for vasskvaliteten som det no er ein nasjonal dugnad for å betre. Kantvegetasjonen er og viktig for å redusere erosjon og vegetasjon i vassdrag med årsikker vassføring har difor vern, og det er avgrensa kva tiltak grunneigar kan gjere her

Klikk for stort bilete 

Kantvegetasjon langs vassdrag er viktig av mange grunnar: ulik vegetasjon knytt til vassdrag gjev rom for insekter, fugle- og dyreliv. For fisk i bekken er kantvegetasjonen viktig som ly og for å finne mat. Kantvegetasjon kan ta opp betydelige mengder næringssalter som nitrogen og fosfor, som er viktig for vasskvalteten. Kantvegetasjonen er også med og held på plass lausmasser og hindrer erosjon. Og er eit viktig element i kulturlandskapet. jf vassdirektivet vert det no jobba breitt for å betre vasskvaliteten i alle vassdrag.

Grunneigar kan drive skjøtsel i vegetasjonssona t.d. ta ut einskild tre, men det er ikkje høve til å fjerne vegetasjonen.  Jf forskrift om produksjonstilskot og tilskot til areal skal vegetasjonssona mellom ope vatn under normal vassføring og innmark "vere tilstrekkeleg brei til å motverke avrenning frå innmarka". Denne sona må unasett vere på minst 2 meter frå vassdraget si normalvasstand og kan ikkje jordarbeidast eller gjødslast. Der det ikkje er kantvegetasjon i dag, er det ikkje krav til etablering dersom vegetasjonssona var fjerna før 2001. Avstand på 2 meter for jordarbeiding og gjødsling skal likevel haldast. Fjerning av kantvegetasjon heilt eller delvis, krev søknad til Statsforvaltaren.

Det er omfattande regelverk rundt vassdrag og NVE har utarbeidd ein rettleiar. Den finn du her.