Måndag 11. mai er det vanleg undervisning for 1.-4. trinn medan det vert plandag for lærarar på 5.-10.trinn. Elevane på 5.-10. trinn er heime. Me oppmodar til praktisk estetiske fag og lesing . Fyrste skuledag for elevar vert anten tysdag 12. mai eller onsdag 13. mai. Kva dag den einskilde elev skal møte på skulen vert kommunisert frå skulen.
Vidare vert felles praksis for alle skulane slik:
1.-4. trinn
Held fram som før
5.-7. trinn:
Veke 20. Alle elevane skal ha tre dagar på skulen og heimeunderundervisning den dagen dei ikkje skal på skulen. Det vert opp til skulen å organisera kven som skal vera heime kva dag.
Veke 21 (med Kr. Himmelfartsdag og plandag torsdag og fredag): Alle elevane skal ha to dagar på skulen og ein dag heime
Frå og med veke 22: Alle elevane skal ha fire dagar på skulen og ein dag heime.
Dei dagane elevane er heime vil dei få heimeundervisning på om lag same måte som dei har hatt dei siste vekene.
8.-10. trinn:
Elevane skal på skulen annankvar dag. Skulane organiserer korleis dette skal gjennomførast. Dei dagane elevane er heime skal dei gjere skulearbeid.
I vurderingane kring korleis den enkelte skule organiserer skuleopninga vert det lagt vekt på til dømes areal, storleik på klassane og gjennomføring av skuleskyss.
Voss herad ynskjer alle elevar og lærarar velkomne attende til skulen.
Også andre kommunale tenester opnar opp att:
Voss bibliotek opnar for ordinært utlån og innlevering 11.5.20 kl. 12-16. Sjå heimesida for opningstider.
- Voss kulturskule opnar for ordinær undervisning for alle 11.5.20.
- Voss kino startar framsyningar laurdag 9.5.20
- Voss kulturhus og Gamlekinoen opnar for arrangement opp til 50 personar 11.5.20.