Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Søk SMIL - Spesielle miljøtiltak i jordbruket

Søk SMIL - Spesielle miljøtiltak i jordbruket

Voss herad har tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket, "SMIL". Formålet med midlane er å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbrukslandskapet og å redusere ureining frå jordbruket -  utover det som er venta av vanleg landbruksdrift.

Søknadsfrist 1.mai, men start gjerne planlegging av prosjektet no!

Klikk for stort bileteDøme frå SMIL-prosjekt i Voss herad: Nyaløo på Gjelland, sikring av gro i Dyrvedalen og slåttemark på Ulvund 

 Voss herad har i 2021 kr 700 000 til disposisjon for SMIL-tiltak. Tilskotet kan nyttast til skjøtsel og tiltak innan kulturlandskap og biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø, til å unngå ureining og erosjon, tiltak for å fjerne framande, uønskte vekstar og tiltak for auka tilgjenge og friluftsverdiar. Det kan også gjevast tilskot til felles planleggingstiltak. Søknadsfrist er 1. mai, og søknaden skal leverast i søknadsportalen i Altinn. Godt gjennomarbeidde søknadar vil verte prioriterte.

Den som eig, eller leiger landbrukseigedom i aktiv drift, kan søkje om SMIL-tilskot. Voss herad har eigen tiltaksstrategi for prioritering av bruk av midlane.

Ein søknad skal innehalde utfyllande informasjon om tiltaket. Kva som er naudsynt informasjon avhengig av kva type tiltak ein ynskjer å gjennomføre, og dette er godt beskrive i søknadsportalen.

Minimum for alle tiltak er plan over kva som skal gjerast, status pr. no og korleis framtidig bruk skal vere. Det skal vere med kart som syner kvar tiltaket skal gjennomførast, og vedlegg som dokumenterer viktige kostnadar i prosjektet (t.d. kostnadsoverslag frå handtverkar).

Døme på tiltak:  restaurering av slåttemark og artsrik beitemark, skjøtsel av kulturlandskap «beiterydding», t.d. legge til rette for at tidlegare kulturmark vert tilbakeført og nytta som innmarksbeite. Tiltak for å fjerne uønska, framande vekstar.

Sikring av kulturminne: tiltak for å ta vare på verdifulle kulturminne i landskapet og t.d. steingardar, gravfelt, verneverdige bygg.  

Tiltak mot erosjon og ureining: tiltak for å hindre erosjon, t.d. vøling av bekkefar, bygningsmessige tiltak som tak på open gjødslingskum.  Det vert ytt tilskot mellom 20 til 70% av godkjente kostnadar avhengig av område tiltaket vert gjort på. For planleggingstiltak kan det verte løyvd inntil 100% av godkjente kostnadar.

Ved spørsmål kontakt Voss herad v/ Kari Mostad;

e-post: postmottak@voss.herad.no eller tlf 97 99 71 50