Voss herad

Søk tilskot til beitebruk i utmark

Søk tilskot til beitebruk i utmark

Tilskot til beitebruk i utmark skal bidra til å legge til rette for best mogleg nytte av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda. Tilskotet går gjennom beitelaga og det er leiar i beitelaget som søkjer.

Søknadsfrist 1.mars

Voss herad har fått tildelt kr 210 000 til investeringstiltak i beiteområda i 2023. Bruk av midlane i Voss herad er prioritert i lokal tiltaksstrategi som vist under.

A. Tilskot til investeringar i faste installasjonar og anna utstyr knytt til beitebruk. Innanfor rammene sett i forskrift for bruk av tilskotet kan tilskot gjevast til alle tiltak som fremjar bruken av beite i eit område. t.d.: 

  • Sperregjerder   
  • Ferister 
  • Bruer 
  • Gjetarhytter
  • Sanke- og skilleanlegg
  • Anlegg/rydding/ utbetring av drifteveier
  • Saltsteinsautomatar
  • Elektronisk overvakingsutstyr
  • Elektroniske gjerde

Det er ein føresetnad for tilskot til faste installasjonar at det vert innhenta løyve frå eller avtaler med grunneigarar eller andre som har rettigheiter i det aktuelle beiteområdet, og som kan tenkjast å verte rørt av tiltaket. Det kan ikkje gjevast tilskot til same type investeringstiltak før etter 20 år for hytter og 15 år for andre faste installasjonar. 

 

B. Planleggings- og tilretteleggingsprosjekt 

Gjeld ulike typar prosjekt som retter seg mot organisering og tilrettelegging av utmarksbeita for god og effektiv beitebruk. Dette kan m.a. omfatte:

  • Planlegging og prosjektering av faste installasjonar
  • Ny organisering av beitelag og utmarksbeiteområder
  • Prosjektretta arbeid for stimulering til auka beitebruk og rasjonell nytting av beita
  • Tidsavgrensa utprøving av nytt utstyr som kan bidra til effektiv og god beitebruk
  • Utarbeiding av planar (beitebruksplan, tiltaksplan, beredskapsplan mv.) for utmarksbeite
  • Vegetasjonskartlegging

Rettleiande timesatsar for eige arbeid

  • Manuelt utført eige arbeid (inkl. motorsag o.l.): 350 kr/time
  • Bruk av traktor : 600 kr/time
  • Gravemaskin: 800kr/time (eller etter rekning)

    Voss herad sin andel av tilskot til investeringar i beiteområde i Vestland i 2020 er kr 200 000.

    Tilskotssatsen vert tilpassa søknadsmengda.

Søknad

Lenke til søknadsskjema og meir informasjon finn de herBeitelag sender søknad om tilskot på elektronisk søknadsskjema i Altinn. Hugs naudsynte vedlegg, som kart og løyver mm.