Voss Herad

Søknadsfrist for fritak av eigedomsskatt i 2023

Søknadsfrist for fritak av eigedomsskatt i 2023

I Voss herad kan heradsstyret gje fritak for eigedomsskatt etter eigedomsskattelova § 7 a og b.

 

Dette gjeld eigedomar som fyller vilkåra om å vera eigd av stiftingar, institusjonar eller organisasjonar som er til gagn for heradet, eller eigedomar som har historisk verdi.

Søknadsfrist er 30. november 2022.  Elektronisk søknadsskjema 

NB! Dersom eigedomen fekk fritak for eigedomsskatt etter eigedomsskattelova § 7 a og b i 2022, treng du ikkje søkja på nytt for skatteåret 2023.

Kven kan kvalifisera til fritak? 

Det er eigedomsskattelova §7 a og b og lokale retningslinjer som regulerer kven som kan få fritak.

§7 a) - Eigedomar til stiftingar, institusjonar og organisasjonar som er til gagn for heradet

Eigedomen må vera eigd av stiftinga/inst./organisasjonen, og ha eit allmennyttig føremål. Fritak kan ikkje gjevast til organisasjonar som har føremål om å gje utbyte til eigarane, eller driv kommersiell aktivitet.  
Døme på eigedomar som kan fylla vilkår for fritak: Museumsbygningar, idrettsanlegg, lokale for velforeiningar, lokale for religiøse samfunn, sjukehus m.m.  

§7 b) - Bygningar som har historisk verdi

Det vert gjeve fritak for eigedomar som står på fylkeskonservatoren si liste over bygningar som er freda etter forskrift. Slike eigedomar treng ikkje søka om fritak.