Søknadsplikt ved mottak av massar
Det vert stadig produsert overskotsmassar i Voss herad t.d. frå utbyggingsprosjekt, utbetring av veg osv. Overskotsmasser til landbruksføremål kan vere både privat- og samfunnsøkonomisk gode prosjekt, men hovudregelen er at det er søknadsplikt ved mottak av masser.
Mottak av masser av noko omfang krev kommunal handsaming. Planlegg du å ta i mot masser skal Voss herad ha søknad i forkant. Større utbyggjarar vil også gjerne krevje godkjenning før deponering.
Det føreligg ikkje noko eige søknadsskjema for mottak av masser, men ein søknad om mottak skal innehalde:
- Generell omtale av prosjektet
- Kart over arealet, storleik kring 1: 1000 - 2500, som viser kor massane skal tilførast. Omtale av arealet p.t. og planlagt bruk etterpå.
- Profil/snitt for området ved ferdig prosjekt
- mengde (tal kubikkmeter)
- kva type masser det er snakk om, kor kjem dei frå.
- Kven som er ansvarleg for gjennomføring av prosjektet
- Evt. korleis skal massane transporterast, veg tilhøve, naboar, andre forhold av betydning for prosjektet
Skal massane plasserast på areal registrert som innmarksbeite, utmark /skog, krevst søknad om nydyrking .
Send søknaden til postmottak@voss.herad.no
Forhold som vert vektlagt i sakshandsaminga
- Reine masser. Massar som inneheld miljøgifter, asfalt, betongrestar, masser frå sandfangkum må handteast på gjenvinningsanlegg og skal ikkje nyttast til jordforbetring/bakkeplanering
- Kulturminne – kulturlandskap. Kulturminnemynde skal rutinemessig høyrast i slike saker.
- Særskilte naturverdiar og naturtypar skal takast omsyn til
- Vurdering av fare for utgliding og ras, ureining, avrenning til vatn og vassdrag
- Ulempe for tredje part
Mottak av moderate mengder masse vert handsama under ureiningsforskrifta, kapittel 4. Større tiltak: massemottak over 20 -30 000 m3 eller høgare fyllingshøgd enn 3 meter; er rekna som større landskapsinngrep og skal handsamast etter Plan- og bygningslova .
Utfyllande informasjon om massehandtering finn du mellom anna hjå Norsk Landbruksrådgiving. Sjå og Tekniske retningsliner for anlegg, drift og vedlikehald av planeringsfelt .
Ved gjenbruk av mindre mengder med masser t.d. frå utbygging av tomt på eige eigedom, eller tiltak som er under 1 daa gjeld oftast ikkje søknadsplikt. Er du i tvil; kontakt heradet! Ein må normalt rekne meir enn ein månad til sakshandsaming, så planlegg i god tid!
Husk: Dyrking av areal til overflatedyrka/fulldyrka areal er alltid søknadspliktig.