Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Sprei gjødsla i vekstsesongen!

Sprei gjødsla i vekstsesongen!

Dette er særskilt viktig for bønder i Bordalen, Dyrvedalen, Myrkdalen, nedslagsfeltet til Melsvatnet, Opelandstjørni og Moensvatnet.

Klikk for stort bilete

Med den pågåande revisjonen  lokal forskrift for spreiing av gjødsel vil det av omsyn til vasskvalitet frå hausten 2021  ikkje vere høve til å spreie gjødsel etter 1.september i einskilde vassdrag. Dette gjeld Bordalen, Dyrvedalen, Myrkdalen, nedslagsfeltet til Melsvatnet, Opelandstjørni og Moensvatnet. For bønder som til no har hatt høve til å spreie gjødsel i heile september er dette ei endring  som det er viktig å ta høgde for i den planlagde gjødslinga.

Husdyrgjødsel er ein viktig ressurs i landbruket og skal spreiast i vekstsesongen slik at næringsemne vert nytta i avlingane. Ved rett bruk vil ein oppnå høge avlingar, samstundes med at ein brukar mindre mengder og billegare typar handelsgjødsel. Voss har sidan 2014 hatt ei lokal forskrift som har opna for spreiing fram til 1.oktober. Den nye forskrifta vil og stille krav til laglege forhold for å køyre ut gjødsel, og der vekstsesongen er avslutta, kan ein heller ikkje spreie gjødsel.

Endringane har vore på høyring og har fått støtte hjå faglaga, medan Statsforvaltaren ynskjer ytterlegare tilstramming. Endringane vert politisk handsama i august.