Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Står du i manntalet?

Står du i manntalet?

Klikk for stort bilete  Manntalet ligg no ute til offentleg ettersyn fram til valdagen 13. september, på Servicetorget, Tinghuset i opningstida.
For å kunne røysta må du stå i manntalet. Manntalet er sett opp på grunnlag av folkeregisteret 30. juni 2021. Melder du flytting seinare enn 30. juni vert du ståande i manntalet i den valkrinsen og den kommunen du flyttar frå.

Valdagen er måndag 13. september, med høve til førehandsrøysting frå 10/8. Sjå eigne lysingar om dette, eller www.voss.herad.no  for meir informasjon.

Veljarane vil og få tilsendt digitalt valkort med opplysningar om røystestad og opningstider.

Sjekk om du står i manntalet.  Du kan og ringja kommunen, tlf. 56 51 94 00 for å sjekka dette. Evt. merknader og klager må sendast skriftleg til Valstyret i Voss, pr epost postmottak@voss.herad.no  eller brev til Postboks 145, 5701  VOSS

Klager som vert tekne til fylgje vert retta opp i manntalet heilt fram mot valdagen.