Voss Herad

Sterk temadag om helse og omsorg

Sterk temadag om helse og omsorg

Heradsstyret på Voss hadde temadag om helse og omsorg torsdag. Her fekk dei folkevalde både sterke historier og tankevekkjande oppgåver om psykisk helse og rus, og eit godt innblikk i dei ulike tenestene til kommunalavdeling for helse og omsorg

Korleis kan Voss herad i framtida hjelpe innbyggarar som har utfordringar med psykisk helse og rus? Det var eitt av spørsmåla erfaringskonsulent i rus- og psykiatritenesta i Voss herad, Christina Løno stilte i sitt innlegg. Det var inngangen til gruppediskusjonar mellom dei folkevalde. Ei av oppgåvene handla om livet til erfaringskonsulenten, som sjølv fortalde om sin veg attende frå eit liv med rus.

Betre samarbeid

Avgjerande for å kunna hjelpa er førebyggjing, tettare oppfylgjing, fleire akivitetstilbod, betre samarbeid mellom ulike avdelingar, haldningsendring, utvikling og oppdatering av tenestene, eigna bustader og brukarmedverknad.

Grunnbemanning

Før denne delen, hadde dei folkevalde fått innlegg om både lyspunkt og utfordringar for heile kommunalavdelinga, talgrunnlag og statistikk for alt frå matsvinn og sjukefråvær til rekrutteringsvanskar og brukarar av tenestene, både totalt og fordelt på dei ulike avdelingane.

Heradsstyret vart også orientert om grunnbemanning i institusjonane i Voss herad, samanlikna med andre kommunar, korleis arbeidet i heimetenestene er organisert på både på dag og natt, og dei ulike tilboda som finst.

Psykiske lidingar

Kommunalsjef Kjersti Nordanger orienterte om heradet sitt arbeid kring behov og tenester til menneske med komplekse alvorlege psykiske lidingar og/eller rusproblem, og som utfører straffbare handlingar. Dette er menneske som grunna sin diagnose og/eller helsetilstand ikkje kan stå utan omfattande spesialiserte og komplekse tenester gjennom heile døgnet alle dagar i året.

«Dei krev å verte møtt med ein tverrfagleg kompetanse som tek i bruk heile verktøykassa. Det utfordrar haldningane våre. Innbyggarar i Voss herad som strevar med alvorlege psykiske og/eller rusproblem fortener at me ikkje slepp ballen. Dei treng tiltak, handling og verdig behandling. Samtidig som samfunnsikkerheita skal ivaretakast. Overgangsfasen mellom fengsel og institusjon til bustad for vanskelegstilte grupper er krevjande for kommunen. Tvang utan døgnopphald (TUD) er ein lovregulert praksis gjennom psykisk helsevernlov som opnar for at personar kan påførast tvangsbehandling medan dei bur heime eller i kommunalt butilbod. Bustadsosial handlingsplan må vere forankra politisk og administrativ om me skal lykkast», sa kommunalsjefen.

Marianne Melve, leiar av avdeling for menneske med nedsett funksjonsevne gjekk så inn på kva heradet gjer, og kva behov som melder seg innanfor dette feltet. Voss herad har fleire brukarar med 2-1 eller 3-1 bemanning. Det som er viktig i dette arbeidet er å finna rett bustad i rett område, rekruttera tilsetter som ynskjer å arbeida i risikosituasjonar og opparbeida spesialteam med administrativ leiing.