Voss Herad

Studietur jordbruk, 24. - 25.august

Studietur jordbruk, 24. - 25.august

Jordkarbonprosjektet i Voss arrangerer fagtur til Haugalandet og Jæren 24.-25. august for inspirasjon og læring om meir berekraftig jordbruksproduksjon. Turen går med minibuss, og det er begrensa plasser. Her er førstemann til mølla for å melde seg på! Påmelding innan 10.august. 

For spørsmål og påmelding kontakt Gunnlaug Røthe e-post: gunnlaug.rothe@nlr.no, Tlf.: 98245835

 

Program for fagturen:

Avreise frå Voss onsdag 24.august kl. 11.00. Me besøkjer Bakken gard i Sauda. Atle Løland driv gard med allsidig produksjon m.a. grønsaker, mjølkeproduksjon på raudkolle og målretta beiting.  Bakken gard, Sauda – HGUt

Me reiser vidare til Stavanger for felles middag med fagforedrag og overnatting.

Torsdag morgon besøkjer me Leikvoll gard og Kolbjørn Anda. Anda er 'inspirasjonsbonde' og aktuell med skiftebeiting, fermentering husdyrgjødsel, meitemarkforsøk, økologisk mjølkeproduksjon med meir!

Turen går vidare til Avaldsnes og garden til Tor Svein Utvik som driv med ammeku og målretta beiting og bruk av nofence. Siste gardsbesøk på turen er i Vindafjord og på Søre skogen der Martin Aeschlimann med familie driv mangesysleri, med m.a. Inn på tunet, regenerative dyrkingsprinsipp som redusert jordarbeiding, kompost og bruk av kompost-te.

Me reknar med å vere attende på Voss ca. kl. 22.00.

Kostnad: eigedel kr 500 for overnatting i dobbeltrom. Tillegg for enkeltrom. Studieturen er først og fremst eit tilbod til aktive bønder i Voss. Me tek atterhald om endringar i programmet.

Er du interessert eller har spørsmål ta kontakt med: e-post: gunnlaug.rothe@nlr.no Tlf.: 98245835