Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Takka av i Kraftfondet etter 21 år

Takka av i Kraftfondet etter 21 år

Klikk for stort bileteLeiar Linda M. Merkesdal takkar av Anders Gjøstein som sekretær i Kraftfondet Anders Gjøstein har takka av som sekretær i Kraftfondet I Voss herad.

I 1999 kom Anders Gjøstein attende til dåverande Voss kommune etter eit mellomspel i ein annan organisasjon. Stillinga hans var omgjort frå skogbrukssjef til avdelingsleiar for næringsavdelinga, mellom anna med funksjonen som sekretær i Kraftfondet. Sidan har det rulla ut 120 millionar  kroner frå fondet, til både store og mindre tiltak i vossebygda. Til dømes bidrag til Hardangerbrua, Vossabadet, Voss gondol og etableringa av Destinasjon Voss.

Vegen til Tverrberg

Anders Gjøstein starta tilbake i 1990 på det statlege landbrukskontoret. Den første saka han fekk tildelt handla om ein påemna veg til Tverrberg. Noko av det siste han var med på som sekretær i Kraftfondet var å opna vegen til Tverrberg.

- Dette viser at Anders Gjøstein har stort tolmod og sluttførar det du startar med. Dei som kjenner deg omtalar deg som lojal, svært kunnskapsrik, eit lokalt leksikon og ein som ikkje veit kva det er å sitja i ro. Når du ikkje er på jobb, er du i skogen, sa leiar i Kraftfondet, Linda M. Merkesdal til den avtroppande sekretæren.

Den viktige næringa

- Eg har jobba med deg i fleire saker der du har vore heilt avgjerande med kunnskapen din. Og du passar alltid på at ordføraren på Voss kan noko om landbruket. Du har alltid løfta fram kor viktig ei næring landbruket er, og har vore ein stor bidragsytar i fleire seriøse kampar for meieriet, sa ordførar Hans-Erik Ringkjøb. Trass i at Anders Gjøstein no har takka av som sekretær i Kraftfondet, held han fram som tilsett på næringsavdelinga i Voss herad.