Voss Herad

Testsenteret vert avvikla 17.juli

Testsenteret vert avvikla 17.juli

Frå og med 17. juli vert testsenteret avvikla. Fredag 15. juli vert siste dagen med koronatesting på testsenteret. Koronatelefonen er stengt i veke 29, 30 og 31.

Etter to år med pandemi er me no i ein fase der det er grunn til håp om at me kan halda samfunnet opent og lære oss å leve med koronaviruset utan bruk av inngripande smitteverntiltak.

Me har høg vaksinasjonsgrad, og mange har gjennomgått infeksjon. Det betyr at befolkninga i stor grad er beskytta mot alvorleg sjukdom, og det er derfor mindre behov for tiltak for å begrense smitte. Regjeringa sin langsiktige strategi for å normalisere hverdagen er ein leve-med strategi.

Den generelle tilrådinga om testing for covid-19 ved ny oppståtte luftveissymptomer gjeld ikkje lenger. Råda ved ny oppståtte luftveissymptomer er no å halde seg heime når enn føler seg sjuk, uavhengig av årsak.

Testsenteret for Voss herad vert difor lagt ned frå og med søndag 17. juli 2022. Fredag 15. juli vert siste dagen med koronatesting på testsenteret. Koronatelefonen er stengt i veke 29, 30 og 31.

Koronatesting skjer kun på medisinsk indikasjon hjå fastlege eller legevakt, på same måte som for øvrige sjukdomar.

Personar som ynskjer testing av ikkje-medisinske årsakar, f.eks knytt til komande reiser eller koronasertifikat, må sjølv oppsøkje tilbydarar av denne type tenester. Per i dag er det ingen private tilbydarar på Voss som tilbyr PCR-test, det vil sei at næraste tilbydar er i Bergen.

Ein vil framleis kunne henta gratis hurtigtest i servicetorget på Tinghuset i opningstida. Dette gjeld for dei som er nærkontakt eller har symptom på covid-19. Maks to pakkar per hushaldning.