Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Tilskot til inkludering av barn og unge 2022

Tilskot til inkludering av barn og unge 2022

Fristen for å søkja midlar frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)  er 17. desember 2021.

Målet med tilskotsordninga er å leggja til rette for at alle barn og unge skal få sjansen til å kjenna meistring og ta del i  samfunnet. Ordninga skal bidra til å utvikla opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge frå 0 til 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamna i utanforskap.

Det er mogeleg å søkja om tilskot for tre år.

 

Heile lysinga finn de her.

Les rettleiaren for tilskotsordninga her.

Søknadsskjemaet finn de ved å logga inn i søknadsportalen.

Nettsida til tilskotsordninga.

Kontaktpersonar i Bufdir

Kontaktperson i Voss herad: silje.s.solstad@voss.herad.no