Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Tilskot til produksjonskjøken

Tilskot til produksjonskjøken

Klikk for stort bilete Illustrasjon: Bruket arkitektur Voss herad får 12, 5 millionar kroner til nytt kjøken. Det er Husbanken som har gjeve dette tilskotet.

Voss herad skal byggja kjøken for å produsera mat til både heimebuande og til bebuarar på institusjon.

Voss herad har i økonomiplanen sett av 34 millionar kroner til byggjing av produksjonskjøken. Det er også sett av midlar til drift. Tilskotet frå Husbanken kjem i tillegg.

«Tilbodet om å søkja dette tilskotet kom seinhausten 2019. Voss herad snudde seg raskt, og det er svært gledeleg at me har fått tilskotet frå Husbanken», seier kommunalsjef for helse og omsorg, Kjersti Nordanger.

Voss herad skal no raskt ta stilling til vidare framdrift. Kjøkenet er planlagt bygt i tilknyting til Vetleflaten Omsorgssenter. Målet er å koma i gang med byggjinga i løpet av 2020.01.10.