Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Tilskot til tiltak i beiteområde

Tilskot til tiltak i beiteområde

Klikk for stort bilete Tilskot til tiltak i beiteområde skal legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremme fellestiltak i beiteområda. Registrerte beitelag kan søkje.

Søknadsfrist 15. mars 2020. Bruk søknadsskjema på altinn. 

Tilskot til tiltak i beiteområde er frå 2020 overført kommunane. Midlane skal forvaltast i tråd med Forskrift om tilskudd til tiltak i beiteområder (FOR-2013-02-04-206). Generelt kan det gjevast tilskot til alle typar tiltak som fremjar beiting i eit område, men i hovudsak skal tiltaka vere stasjonære. Døme på aktuelle tiltak:

  • Sanke- og skiljeanlegg
  • Bruer dimensjonert for dyr og folk
  • Sperregjerder for å sikre at dyr ikkje kjem over i farleg område
  • Gjetarhytter/sankehytter
  • Elektronisk overvakingsutstyr

    Det kan og gjevast tilskot til planleggings og tilretteleggingstiltak som retter seg mot organisering og tilrettelegging av utmarksbeitene for god og effektiv beitebruk

Prioriteringar for 2020

  • Prioriteringar for bruk av investeringsmidlar vil i 2020 vesentleg fylje prioriteringar frå 2019 v/ Fylkesmannen i Vestland. Ny lokal tiltaksstrategi vert utarbeidd i løpet av 2020.

Rettleiande timesatsar for eige arbeid

  • Manuelt utført eige arbeid (inkl. motorsag o.l.): 350 kr/time
  • Bruk av traktor : 600 kr/time
  • Gravemaskin: 800kr/time (eller etter rekning)

    Voss herad sin andel av tilskot til investeringar i beiteområde i Vestland i 2020 er kr 200 000.

    Tilskotssatsen vert tilpassa søknadsmengda.

Søknad

Beitelag sender søknad om tilskot på elektronisk søknadsskjema i Altinn.

  • Søknadsfrist 15. mars 2020. Du finn søknadsskjema i feltet på www.landbruksdirektoratet.no. Hugs naudsynte vedlegg, som kart og løyver mm.