Voss Herad

Krigen i Ukraina

Voss herad riggar seg for å busetja mange flyktningar, som fylgje av krigen i Ukraina.

Her finn du informasjon om kva Voss herad gjer, og korleis du kan hjelpa: 

Kva gjer me i Voss herad?   

 

To år med pandemi - kva no?

To år med pandemi - kva no?

Innbyggarane møtte på Vangen cafè til eit triveleg møte den 9. mai for å få informasjon om pandemien på Voss og drøfte korleis me som innbyggjarar tok vare på kvarandre i pandemien.

Det vart stort oppmøte på innbyggarsamlinga til helse og omsorg den 9.mai.

Me takkar alle som kom!

Samlinga vart opna av kommunalsjef Kjersti Nordanger og leiar for helse og omsorg stab Gullborg O. Rekve.

Kommuneoverlege Eystein Hauge sa han var imponert over kor godt samla innbyggarane på Voss har stått under pandemien. Tilsette, frivillige og pensjonistar har teke på seg viktige oppgåver for helse og omsorg under pandemien, og dette fortener dei stor anerkjenning for. Han sa vidare at det er ein reell fare for at me kan få nye viruspandemier slik som var tilfelle med svineinfluensaen i 2009. Vel so bekymringsfullt, heva han - er imidlertid den utviklinga me internasjonalt ser med tanke på utvikling av multiresistente bakteriar, som me ser til dømes med tuberkolose.

Tilsynslege Robert Hesslevik fortalde om erfaringar frå pandemien i sjukeheimane og kor raskt Voss herad mobiliserte for å ta i mot covid-19 pasientar på Hagahaugen. Pandemien førte til at fleire vart isolerte og kjende på einsemd. Kommunalavdeling helse og omsorg må gjera sitt for å motverka einsemd, men og at me som innbyggarar har eit ansvar for å legge merke til og ta kontakt med personar som kanskje kan vera einsame. Etter innlegget spelte Robert ein trudelutt på trekkspelet sitt.

Liv Jorunn Solstad informerte om 'Leve heile livet' prosjektet som starta i år. 'Leve heile livet' er ein kvalitetsreform som skal arbeida for eit aldersvenleg samfunn i Voss herad. Forsking seier mykje om kva som kan skape eit aldersvenleg samfunn, men ho peika på at det er viktig at me som bur her finn ut kva eit aldersvenleg samfunn kan vera for oss.

Frisklivskoordinator Jannicke Lien informerte om det nye 'Friskliv og meisitring' tilbodet som starta opp i år! Du kan ta direkte kontakt med Jannicke Lien på telefon eller e-post og treng ikkje tilvising frå lege eller andre.

Deltakarane på møtet samla seg i grupper og drøfta fleire spørsmål - erfaringar frå pandemien, og kva av dette kan me ta med oss dersom ein ny pandemi skulle råka?

Jon Aske spelte kjekke låtar og latteren sat laust i forsamlinga.

Ei ny aktivitets- og møteplass brosjyre vart delt ut til seniorar. 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete