Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Utdeling av legatmidlar til fremjing av trivselstiltak for eldre og uføre

Utdeling av legatmidlar til fremjing av trivselstiltak for eldre og uføre

Det vert utdelt legatmidlar til fremjing av trivselstiltak for eldre og uføre i Voss herad, både heimebuande og beburarar på institusjon. 

Klikk for stort bilete 

Søkjarar kan vera alle som arbeider for eldre og uføre; tilsette, frivillige organisasjonar m.v. Tiltak skal vere til nytte/glede for fleire, og det er ynskjeleg at at dei som får tildelt midlar leverar økonomisk oppstilling/rekneskap og evnt bilde av omsøkt aktivitet/tiltak.

Trivselstiltak skal kunne tolkast så breitt som mogleg, det kan til dømes vere :

  • festlege samkomer
  • turar og andre aktivitetar
  • kulturtiltak
  • samlingar og innkjøp av utsmykking
  • innkjøp av møblar og utstyr til fellesareal o.l.

Søknadsfrist 1. oktober 2020.

Søknad sendast på epost til postmottak@voss.herad.no eller til Postboks 145, 5701 Voss. Det er ikkje eige søknadsskjema.
Mrk søknad: Søknad om midlar frå Legat til beste for eldre og uføre.
Eventuelle spørsmål kan rettast til Innbyggjarservice på tlf 56519400.