Voss Herad

Krigen i Ukraina

Voss herad riggar seg for å busetja mange flyktningar, som fylgje av krigen i Ukraina.

Her finn du informasjon om kva Voss herad gjer, og korleis du kan hjelpa: 

Kva gjer me i Voss herad?   

 

Utfordrande situasjon i barnehagane

Utfordrande situasjon i barnehagane

Stort fråvær skapar ein utfordrande situasjon i fleire barnehagar i Voss herad. Status i dag er at Bolstad barnehage er stengt, og ei avdeling i Tueteigen barnehage er stengt.

Årsaka er auka smitte som gjer at både tilsette, foreldre og born er sjuke, i isolasjon eller i smittekarantene.

Voss herad fylgjer situasjonen i alle barnehagar dag for dag, og vil opna avdelingar og barnehagar som er stengde så snart det er mogleg.

Bolstad barnehage vert minimum stengt til og med onsdag, men opning avheng av situasjonen ved barnehagen. I Tueteigen er barnehagen open, men med redusert drift.

Voss herad er per i dag ikkje kjent med at andre barnehagar står i fare for å verta stengde.