Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Utforming av ny kulturpris

Utforming av ny kulturpris

Klikk for stort bileteBlå tine Kjell Herheim  Utval for kultur og næring ynskjer å fornya kunstverket som vert nytta i samband med overrekking av Voss herad sin kulturpris. Framlegg kan sendast Voss herad ved kommunalavdeling for kultur og fritid, boks 145, 5701 Voss eller postmottak@voss.herad.no Frist for å senda inn forslag er 30. september 2020

Voss herad vil med dette invitera kunstnarar og kunsthandverkarar til å utforma vår framtidige kulturpris.

Innkomne forslag skal vurderast av ei arbeidsgruppe beståande av ein representant frå Utval frå kultur og næring, ein representant frå Voss kulturråd og ein representant frå Voss kunstlag.

I forslag/ skisse til utforming av kulturpris skal det opplysast om:

  • materialbruk
  • kostnad ved produksjon
  • i kva grad verket er knytt til Voss

Innkomne forslag vil verta vurdert av ei arbeidsgruppe beståande av medlemmar frå Utval for kultur og næring Voss kunstlag og Voss kulturråd.

Kontakt silje.s.solstad@voss.herad.no om du har spørsmål.

Heradsstyret 27.08.2020 vart følgjande retningslinjer godkjente:

Voss heradsstyre vedtek retningslinjene for kulturprisen i Voss herad slik:    

1. Voss herad sin kulturpris skal heidra og stimulera det lokale kulturlivet. Prisen skal gå til nokon som har gjort ein framifrå innsats innanfor kunst eller kulturarbeid i Voss herad.  

2. Kulturprisen kan delast ut til kunstnarar, kulturarbeidarar eller lag og organisasjonar med tilhald i kommunen eller anna tilknyting til Voss. Prisen kan eventuelt delast mellom fleire mottakarar.   

3. Kulturprisen si utforming skal haldast uendra i periodar på minimum fem år. Utforminga kan elles endrast når Utval for kultur og næring finn det rett.    

4. Forslag til kulturprismottakar skal vera skriftleg, grunngjeve og signert avsendar. Avsendar og føreslegne kandidatar er ikkje offentleg. Endeleg vedtak er offentleg. 

  5. Kulturprisen vert utdelt av Voss herad ved Utval for kultur og næring. Tildelinga av prisen vert gjort i samband med eit kulturarrangement, og leiar for Utval for kultur og næring føretek normalt sjølve prisutdelinga.

 6. Kulturprisen skal lysast ut offentleg kvart år. Det er opp til Utval for kultur og næring å vedta om prisen skal delast ut. 

Retningslinjene for Voss herad sin kulturpris blir vedteke av Voss heradsstyre etter tilråding frå Utval for kultur og næring.