Voss Herad

Val av nytt Eldreråd i Voss herad

Val av nytt Eldreråd i Voss herad

Pensjonistorganisasjonane i Voss herad vert oppmoda om å kome med framlegg til kandidatar til nytt eldreråd. 

Då ingen i Eldrerådet ønskjer å ta på seg oppgåva som leiar i rådet, vert medlemane fristilt frå rådet, og pensjonistorganisasjonane i Voss herad vert bedt om å finne kandidatar til nytt eldreråd. 

Frist for å senda innspel vert sett til 13. desember 2022. Innspel skal sendast til postmottak@voss.herad.no og merkast med 22/11911. Valnemnda lagar innstilling til nytt Eldreråd ut i frå innkomne framlegg frå pensjonistorganisasjonane, heradsstyret vel nytt Eldreråd.