Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Varsel om mogleg vårflaum

Varsel om mogleg vårflaum

Klikk for stort bileteVikafjellet våren 2020 Bjarne Løne Spesielle snøtilhøve i fjellet gjer at det er sannsynleg med vårflaum i Voss herad i løpet av våren og sommaren. Heradet førebur seg, og ber grunneigarar og andre gjera tiltak for å hindra flaumskade.

NVE har varsla Voss herad om at det er 60 prosent sannsyn for flaum på oransje farenivå i løpet av våren og sommaren. Det er uvisst når flaumen vil koma, det avheng av vêr og temperatur. Det er vurdert at det kan koma to flaumtoppar, den siste så seint som i juli.

Det er ikkje flaumfare no, men NVE meiner dette vil endra seg i tida som kjem, og har varsla heradet om dette.

Voss er normalt sett mest utsett for haustflaumar, men dei spesielle snøtilhøva i år gjer at det også kan koma vårflaumar. Voss herad førebur kommunal infrastruktur så godt det let seg gjera, og ber grunneigarar rydda elveløp og groer.

Heradet ber også andre innbyggjarar halda seg oppdaterte om utviklinga utover og sikra verdiar som kan vera utsette for flaum. Når flaumfaren aukar er det særleg viktig at kummar, sluk og elvemunningar er reinska.

Hald deg oppdatert her: https://varsom.no/flom-og-jordskredvarsling/varsel/Vestland/Voss/?date=2020-05-26