Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Voss herad er årets nynorskkommune

Voss herad er årets nynorskkommune

Klikk for stort bileteSpråkrådet og Kulturdepartementet har kåra Voss herad til årets nynorskkommune 2020

Prisen vart delt ut av kulturminister Abid Raja under ei tilstelling i Målstova på Nasjonalbiblioteket fredag 30. november. Voss herad var nominert i lag med kommunane Kvinnherad, Sunnfjord og Hareid.

 

I grunngjevinga frå juryen vert det trekt fram at Voss herad har utmerka seg å fleire vis. Mellom anna:

 

«På sitt solide kulturgrunnlag har storkommunen – eller heradet som det no heiter – arbeidd grundig og systematisk for å ta vare på nynorsken som bruksspråk og for å styrkje nynorsken som ein viktig del av den lokale identiteten.

 

«Under koronakrisa har heradet vore ein trygg støttespelar for innbyggjarane. All offentleg informasjon i heradet er på nynorsk, og dei tilsette i heradet får systematisk opplæring i god målbruk.»

 

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb tok i mot prisen på vegner av Voss herad.

«Dette viser at me er på rett veg. Eg er umåteleg stolt på vegner av alle i Voss herad», seier Hans-Erik Ringkjøb.

 

2020 har vore eit spesielt år, eit år der kommunane sitt informasjonsarbeid er sett på prøve gjennom koronakrisa. Tydeleg og forståeleg informasjon skal ut i alle kanalar, noko Voss herad har gjort. «Men det held ikkje med å vera aktiv, ein må òg få ut informasjon på ein god måte. Ein god måte vil seie klart språk og rett språk. Tilliten til bodskapen forsvinn om det er fullt av feil, difor treng me dyktige tilsette som har høg språkleg sjølvtillit. Då er det godt å høyra juryen si grunngjeving at heradet under korona har vore ein trygg støttespelar for sine innbyggjarar», seier Hans-Erik Ringkjøb.

 

Å få prisen som årets nynorskkommune 2020 er til stor inspirasjon, og gjev ekstra motivasjon til vidare arbeidet med godt og klart språk i Voss herad.

 

I juryen som kåra vinnaren sat:

  • Margrethe Kvarenes, seksjonssjef i Språkrådet (juryleiar)
  • Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag
  • Vidar Høviskeland, dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK)
  • Gaute Øvereng, administrasjonssjef i Nynorsk kultursentrum

Ole John Østenstad, representant for KS og kommunedirektør i Sunnfjord kommune, melde seg ugild i avstemminga.