Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Voss herad søkjer domsmenn

Voss herad søkjer domsmenn

Å vera meddommar eller skjønsmedlem er eit svært viktig verv i det norske rettssystemet, og deltakinga vert sett på som ein garanti for rettstryggleiken. No skal det veljast nye domsmenn. Ynskjer du å vera meddommar eller skjønsmedlem?

Ved kvar nye valperiode skal det veljast domsmenn og skjønsmedlem til jordskifteretten, tingretten og lagmannsretten. Ein vert vald av heradsstyret for fire år om gongen, og det skal vera like mange kvinner og menn.

Voss herad skal innstilla skjønsmedlem til Bergen domssokn, finna meddommarar til Indre Hordaland Jordskifterett, meddommarar til Bergen Tingrett og til Gulating lagmannsrett. Kor mange og kven som kan veljast vert regulert i Domstollova og i Forskrift om domssokn- og lagdøme.

Kven kan vera meddommar?

I fylgje domstollova § 67 skal utvalet av meddommarar ha ei allsidig samansetnad. Meddommarane skal representera alle delar av innbyggjarane. Kommunen skal oppmoda allmennheita til å foreslå kandidatar til valet.

Krav til meddommarar domstollova § 70-72:

  • Alder 21-70 år
  • Godkjent vandel
  • Digital kompetanse, lese og motta dokument digitalt samt nytta digital kommunikasjon
  • Tilstrekkeleg norskkunnskapar, stemmerett og busett i kommunen
  • Økonomisk skikka
  • Personleg eigna og lyst til å bidra!

Domstolane er avhengig av dyktige meddommarar. Kommunane tar derfor personleg kontakt med aktuelle meddommarkandidatar. I tillegg vert vandel sjekka for kandidatar som vert innstilt.

 

Ynskjer du å vera meddommar/skjønsmedlem eller kjenner du nokon som vil/ er eigna?

Voss herad oppmodar deg til å stilla som meddommar eller skjønsmedlem dersom du stettar krava domstolane har sett. For at me skal velja deg, treng du ikkje samtykka, men det er sjølvsagt ein stor fordel om dette er noko du tykkjer er interessant og har lyst til. Me har allereie nokre kandidatar som tar attval frå tidlegare periodar, men me treng også nye kandidatar i frå det flotte heradet vårt.

Dersom du har lyst til å melda deg, eller kjenner nokon andre som er eigna kan du sende oss ei melding på e-post: politisk.voss@voss.herad.no, så vil du verta kontakta av valnemnda. Du kan også ta kontakt om du har spørsmål. Dersom du heller vil snakka med nokon, kan du ringja politisk sekretær på tlf. 901 19 256.

Me treng deg i dette viktige vervet dei neste 4 åra! Ta kontakt i dag, og seinast onsdag 27. mai 2020.

 

Informasjon og kontakt:

https://www.domstol.no/straffesak/aktorene-i-retten/meddommer/meddommervalg/ https://www.domstol.no/meddommere/

Politisk sekretariat Voss herad e-post: politisk.voss@voss.herad.no

Politisk sekretær, Eldbjørg Lie Jørgensen: 90119256

Leiar i valnemnda, Hans-Erik Ringkjøb: 971 38 720