Voss Herad

Voss ungdomsskule på NRK

Voss ungdomsskule på NRK

Søndag morgon, 25. september mellom kl. 09.00 – 11.00 vert det intervju med Voss ungdomsskule på NRK1 (direkte frukost-tv) og på radio NRK P2. Tema er valfaget Draumeskulen. Det er rådgjevar og lærar Anne-Siri Bauthus og to jenter frå 10. trinn, som deltek på valfaget, som vert med på sendinga.

NRK er interessert i utviklinga frå prosjekt til valfag med «Draumeskulen» på Voss ungdomsskule og korleis skulen jobbar med eit inkluderande skulemiljø gjennom metoden ung til ung formidling. Det var oppslaget i Fagblad Utdanning i august og Utdanningsnytt.no som sette NRK på saka. Les meir her: Eit nytt valfag har fått ned mobbetala ved Voss ungdomsskule (utdanningsnytt.no)