Voss Herad

VossaLAN på Voss gymnas

VossaLAN på Voss gymnas

Klikk for stort bilete Thor Morten Trå Fredag til sundag vert det VossaLAN, med kring 100 deltakarar frå ungdomsskule og vidaregåande.

VossaLAN har vore arrangert sidan 2012, der ungdom har samla seg for speling og turneringar. Fram til i år har arrangementet gått føre seg frå fredag kveld til laurdag morgon, men etter ynskje frå ungdomane er det i år utvida med eit døgn.

Klikk for stort bilete Thor Morten Trå Det er kommunalavdeling kultur og fritid som står for arrangementet, i samarbeid med Voss gymnas. IKT-klassa ved Voss gymnas har saman med lærarar og IT-ansvarleg testa datakapasiteten, og alt skal vera klart for ei LAN-helg.

Det er fyrste gongen Voss gymnas er med på arrangementet. Frå skulen si side er det meldt at dette er eit svært tenleg tiltak, i og med at skulen startar opp eit nytt yrkesfagtilbod innan informasjonsteknologi og medieproduksjon i haust.

Voss herad vil syta for at det til ei kvar tid er tre vaksne til stades. På dagtid er det frivillige føresette som er til stades, på kveld og natt er det tilsette frå kommunalavdeling kultur og fritid som er på plass. Når butikkane på Vangen stengjer, vil dørene til Voss gymnas vera låste, slik at føresette skal vera trygge på at ungane deira er på VossaLAN, og ikkje på Vangen på kveldstid.

 Alle som er med på VossaLAN får plass å sova, men kan også reisa heim om ein vil kvila der i staden.