Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Vurderer ny modell for interkommunal legevakt

Vurderer ny modell for interkommunal legevakt

Voss herad vurderer no å drifta legevakta i kommunal regi. I dag er legevakta i samdrift med akuttmottaket på Voss sjukehus.

Hovudgrunnen til at Voss herad vurderer å endra driftsmodellen, er økonomi.

Sentralt i vurderinga er at eventuell drift av legevakt i kommunal regi skal vera av like god kvalitet som i dag.

I tida som kjem vil heradet gå inn i detaljplanlegging av korleis tilbodet kan verta. Ei eventuell endring vil tidlegast tre i kraft frå januar 2022.