Koronavaksinasjon Koronatelefonen 900 89 662 (Måndag - fredag kl. 9-12) Koronavaksinasjon Ting time: LEKVEBAKKEN 15 DROP-IN VEKE 33: Måndag - fredag kl. 13-15 VITUSAPOTEK VOSSEVANGEN Tysdagar kl. 9-15, tlf. 565 30 777 APOTEK 1 VANGSGATA Fredagar kl. 9-15, tlf: 565 30 440 (F.o.m 5. Sept: Måndagar) DOSE 4: OVER 65 ÅR Personar over 65 år eller eldre vert tilrådd ei ny oppfriskingsdose med koronavaksine. Dei som har gjennomgått koronainfeksjon vert også tilrådd å ta oppfriskingsdose. Sjukeheimsbebuarar og personar over 75 år vert prioriterte fyrst. Sjukeheimsbebuarar får tilbodet der dei bur. Kriteria: det bør ha gått minimum tre veker frå gjennomgått koronasjukdom. det skal vere gått fire månader sidan siste vaksinedose. Dato for din siste vaksinedose finn du i Helseboka Trykk på "Kalender" og på "Tidligere hendelser" DOSE 1, 2 OG 3 Kriteria for dose 3: over 18 år minimum 20 veker sidan andre dose Dersom du har gjennomgått Covid- 19 etter at du vart fullvaksinert med to dosar, skal det gå minimum 3 månader, og det tilrådast 6 månader mellom andre og tredje dose. Intervall mellom 1. og 2. dose: Pfizer: 21 dagar Moderna: 28 dagar Kombinasjon av Pfizer og Moderna: 28 dagar Dato for din siste vaksinedose finn du i Helseboka Trykk på "Kalender" og på "Tidligere hendelser" DOSE 4: ALVORLEG SVEKKA IMMUNFORSVAR Personar med alvorleg svekka immunforsvar er tilrådd ein oppfriskningsdose (for denne gruppa vert det fjerde dose) minimum tre månader etter siste vaksinedose. Dato for din siste vaksinedose finn du i Helseboka Trykk på "Kalender" og på "Tidligere hendelser" Ta med dokumentasjon på at du har alvorleg svekka immunnforsvar ved vaksinasjon. Dette kan vera brev frå lege, resept eller legemiddelpakning på medisinsk preparat. Kven gjeld dette for? Gruppe 1 Organtransplanterte Beinmargstransplanterte dei siste to åra Alvoreg og moderat medført immunsvikt Alvorleg nyresvikt ( stadium 5) eller aktiv dialyse Avansert eller ubehandla hiv- infeksjon Gruppe 2 Pasientar med pågåande betydeleg immundempande behandling av anna årsak. Dette er pasientar som brukar immundempande medisin som står på denne lista Kreftpasientar med aktiv eller nyleg gjennomgått immundempande behandling som av ansvarleg legespesialist er vurdert å ha svært nedsett immunforsvar Pasientar som av ansvarleg spesialist vert ansett å ha svært nedsett immunforsvar og som ikkje inngår i ein av gruppene ovenfor 12 - 15 ÅR Born og unge som er 12-15 år kan vaksinerast med andre dose dersom dei sjølve og føresette ynskjer det. Gjennomgått Covid-19 erstattar behovet for ein vaksinedose. Føresette eller andre støttepersonar er velkomne til å fylgje barnet til vaksinasjon. Meir informasjon finn du på FHI.no Samtykke frå føresette må føreligge ved både 1. og 2. dose. Føresette kan samtykke digitalt eller fylle ut samtykkeskjema (PDF, 46 kB) (jmfr oppdaterte retningslinjer frå FHI 01.02.22). Dersom bornet har to føresette må begge føresette registrere bornet i vaksinekø for at digitalt samtykke skal vere godkjent. signere samtykkeskjemaet for at det skal vere godkjent. 5 - 11 ÅR Ta kontakt med Helsestasjonen for å avtale time til vaksinasjon av born under 12 år på telefon 56 53 30 40 Born i aldersgruppa 5-11 år kan vaksinera seg dersom føresette ynskjer det. Tilbodet er mest aktuelt for følgande born: som har kroniske sjukdomar som er i kontakt med sårbare personar som skal opphalda seg eller flytta til land med høg smitterisiko eller dårlegare tilgang på helsetenester Samtykke frå føresette må føreligge ved både 1. og 2. dose. Dersom bornet har to føresette må begge signere samtykkeskjemaet (PDF, 46 kB) for at det skal vere godkjent. Ein dose vert vurdert å gje best nytte-ulempe balanse. Det er mogleg å gje dose 2 etter 8-12 veker dersom føresette ynskjer det. Gjennomgått Covid- 19 vert rekna som ei immunologisk hending og kan erstatte behovet for vaksinedosar. Vaksina Comirnaty 10 mikrogram/dose er godkjent for aldersgruppa 5- 11 år. Les meir om vaksinasjon av born 5- 11 år på FHI her MODERNA ELLER PFIZER? Me vaksinerer i hovudsak med Pfizer-vaksina. Personar under 30 år er tilrådd Pfizer-vaksina. For å bli vaksinert med Moderna-vaksina må du gje beskjed om dette til vaksinasjonstaden i god tid før du skal vaksinerast. Dette fordi Moderna-vaksina er frosen og må tinast før bruk. KORONASERTIFIKAT Du finn koronasertifikatet ditt på Helsenorge.no Er koronasertifikatet mitt gyldig? Nye reglar for koronasertifikat frå 01.02.2022: Fullvaksinerte må ta oppfriskningsdose dersom det er gått meir enn 270 (ca 9 mnd) dagar sidan siste vaksinedose for å ha eit fortsatt gyldig koronasertifikat. Gjennomgått covid-19 erstattar ikkje oppfriskningsdose på koronasertifikatet. Gjennomgått covid-19 gir gyldig koronasertifikat i 180 dagar (6 mnd). Det tilrås å ta ein oppfriskningsdose 6 mnd sidan covid-19 for å få gyldig koronaserifikat. For meir informasjon: Kor mange dagar det tek før koronasertifikatet er gyldig etter vaksinasjon finn du her Oppdatert informasjon om endringar i gyldigheit for koronasertifikat for fullvaksinerte finn du her Les om endringer i gyldighet for koronasertifikatet for fullvaksinerte på FHI her Les kva som gir status som fullvaksinert på FHI her Nasjonale råd og retningsliner Voss herad har sidan koronautbrotet i mars fylgd dei råd og retningsliner som kjem frå nasjonale helsestyresmakter. Det betyr at det ikkje er innført strengare retningsliner enn det som er skissert frå FHI og Helsedirektoratet. Folkehelseinstituttet - temaside korona Helse Norge - temaside korona Helsedirektoratet - temaside korona