Over 100 personar deltok på det opne flaummøtet i Gamlekinoen onsdag. Det kom mange konstruktive innspel, og alle fekk høve til å treffa innleiarane etterpå. Under finn du lenkje til alle presentasjonane:
Onsdag 16.11.2022 inviterer me til ope møte om storflaumen for alle som er råka og andre interesserte. Møtet finn stad i Gamlekinoen kl 18-20, med påfølgjande open kantine for dei som har spørsmål.
Voss herad inviterer til informasjonsmøte for alle som er råka av flaumen. Dette møtet vert i Gamlekinoen onsdag 16. november klokka 18. Her vil det delta folk frå Norsk Naturskadepool og andre som kan gje informasjon om etterarbeidet av flaumen. Voss herad deltek sjølvsagt også, for å gje informasjon frå heradet si side. Det vil koma meir informasjon om møtet seinare.
Vasstanden er normalisert og det er ikkje flaum i Vossovassdraget lenger. No ventar eit større opprydningsarbeid.
Evanger bru er opna for fri ferdsel. Brua vart stengt fredag, og er tilkomst til Evanger sentrum fra E16. Også Kvitheim bru, ved Dugstadfossen i Skulestadmo, er open, men berre for køyretøy under 7,5 tonn.
Mannskap frå Voss brannvern, tekniske tenester og Sivilforsvaret pumpar framleis vatn ut av Voss kulturhus, Voss tinghus og Voss ungdomsskule.
I natt kuliminerte Evangervatn på omlag 20 centimeter høgare enn under flaumen i 2014.
Dette er den nest verste flaumen i moderne tid på Voss, og truleg den verste på Evanger. Vangsvatnet kuliminerte mellom klokka 04 og 05 aurdag morgon, om lag 30 cm under nivået for 2014-flaumen.
Flaumen på Voss får store konsekvensar. I verste fall kan me gå over nivået på flaumen i 2014.
I samband med den pågåande flaumen har Voss herad etablert kommunal kriseleiing, KKL. Dette for å best mogleg handtera dei ulike konsekvensane av flaumen.