Voss Herad

Flaumstatus måndag 14. november

Flaumstatus måndag 14. november

Voss herad inviterer til informasjonsmøte for alle som er råka av flaumen. Dette møtet vert i Gamlekinoen onsdag 16. november klokka 18. Her vil det delta folk frå Norsk Naturskadepool og andre som kan gje informasjon om etterarbeidet av flaumen. Voss herad deltek sjølvsagt også, for å gje informasjon frå heradet si side. Det vil koma meir informasjon om møtet seinare.

For dei offentlege bygga som er råka er no forsikringsselskap i gang med taksering og sanering i bygga.

Voss kulturhus er stengt for all aktivitet denne veka. Arrangement må finna andre lokale, medan kulturskule og vaksenopplæring informerer brukarane sine om alternative lokale.

Voss ungdomsskule har vanleg drift frå og med i morgon, tysdag 15. november.