Voss Herad

Fryktar store flaumskader

Fryktar store flaumskader

Flaumen på Voss får store konsekvensar. I verste fall kan me gå over nivået på flaumen i 2014.

Me ber folk om å halda seg unna flaumutsette område, det er farleg å opphalda seg nær elv og vatn.

Det er framleis usikkert når flaumen når toppen. Me ser at Raundalselva har nådd toppen, medan Strandaelva har svært høg vassføring, samanlikna med 2014.

Vervarslinga sin målestasjon i Myrkdalen har registrert 140 millimeter nedbør siste døgn.

Grunna flaumen er det ei rekkje tiltak som er, eller vil verta, sett i verk utover kvelden og natta:

  • Langabrua er stengt
  • Evanger bru (E16 til Evanger sentrum) er stengt
  • Lokalveg Petter Bondes veg (forbi Voss vandrarheim) er stengt
  • Straumen er kobla ut i Fredheim burettslag og i Voss vandrarheim

Ei rekkje andre små og store tiltak vert fortløpande sett i verk i forsøk på å avgrensa skadene av flaumen.

Me oppmoder folk om å sikra eigne verdiar som er utsett for flaum. Og at alle held seg oppdatert på situasjonen på varsom.no