Voss Herad

Ope informasjonsmøte om storflaumen

Ope informasjonsmøte om storflaumen

Onsdag 16.11.2022 inviterer me til ope møte  om storflaumen for alle som er råka og andre interesserte. Møtet finn stad i Gamlekinoen kl 18-20, med påfølgjande open kantine for dei som har spørsmål.

Agenda

  1. Før under og etter flaumen 2022, innleiing ved ordførar Hans-Erik Ringkjøb
  2. Kva om ditt hus/eigedom er råka av flaum? Reglar og rettar ved naturskade, innleiing ved Norsk Naturskadepool, Synnøve Bjerved Folkvord og Bjørn Sævild
  3. Naturskadeordninga på private vegar og areal med meir, innleiing frå Landbrukdsdirektoratet eller Statsforvaltar.
  4. Flaumsikring – status og framdrift, innleiing ved NVE, Brigt Samdal
  5. Den lokale prosessen framover, innleiing og avslutning ved ordførar Hans-Erik Ringkjøb

Etter møtet vert det høve for enkeltpersonar å snakka ein til ein med representantar frå Voss herad, Naturskadepoolen, NVE og Statsforvaltar i kantina.