Voss Herad

Status for flaumarbeidet

Status for flaumarbeidet

Mannskap frå Voss brannvern, tekniske tenester og Sivilforsvaret pumpar framleis vatn ut av Voss kulturhus, Voss tinghus og Voss ungdomsskule.

Det pågår også eit arbeid for å rydda på vegar og anna kommunal infrastruktur.

Flaumskadene på Voss kulturhus gjer at huset førebels vert stengt for all aktivitet neste veke.

Voss herad jobbar no med å kartleggja kva andre konsekvesar flaumen får for heradet si drift frå måndag.

Neste møte i kommunal kriseleiing vert søndag føremiddag.