Voss Herad

Voss herad etablerer kommunal kriseleiing

Voss herad etablerer kommunal kriseleiing

I samband med den pågåande flaumen har Voss herad etablert kommunal kriseleiing, KKL. Dette for å best mogleg handtera dei ulike konsekvensane av flaumen.

Det ei pågåande evakuering i Teigdalen, som vert handtert av politiet og Voss brannvern.

Politiet har stengt brua som går frå E16 og over til Evanger sentrum.

Voss herad har auka beredskap innan teknisk drift og bygg og eigedom, og fylgjer situasjonen tett utover.