Voss Herad

Krigen i Ukraina

Voss herad riggar seg for å busetja mange flyktningar, som fylgje av krigen i Ukraina.

Her finn du informasjon om kva Voss herad gjer, og korleis du kan hjelpa: 

Kva gjer me i Voss herad?   

 

Aktuelt covid-19

Koronavaksinasjon føregår no i Lekvebakken 15 på testsenteret kor me òg utfører koronatesting. I tillegg har Apotek 1 og Vitusapotek tilbod om koronavaksinasjon.

Torsdag 17 Mars vert aller siste vaksinasjonsdag i gymsalen på Voss ungdomsskule. Moglegheit for drop-in frå kl. 17:00- 17:30. Det vil framleis vere mogleg å vaksinere seg mot korona i apotek, samt onsdagar på testsenteret i Lekvebakken.

Innbyggarar som er nærkontakt eller har symptom på covid-19 kan no henta gratis hurtigtest frå servicetorget på Tinghuset i opningstida (08:30-15:30). Maks to pakkar per hushald.

Alle som ynskjer å vaksinere seg mot korona kan no tinge seg time direkte via Voss herad sine nettsider.

Voss herad planlegg gradvis avvikling av vaksinesenteret, og reduserer opningstida på testsenteret. Heradet avsluttar også smittesporinga, men ber om at alle fylgjer oppmodingane frå sentrale helsestyremakter.

Regjeringa har i dag, laurdag, oppheva dei fleste tiltaka mot korona. Det betyr at meter og munnbind er vekke og isolasjon av vaksne med smitte er ei anbefaling. Testing er berre er anbefalt om du har symptom

Det er registrert 466 positive prøvesvar frå testsenteret siste veka. Samtidig er det rapportert inn 339 positive heimetestar.

Regjeringa har oppheva ei rekkje restriksjonar og endra reglar for testing, isolasjon og karantene. Dette er dei nye reglane:

Sidan førre måndag er det registrert 309 positive PCR-testar. 202 har rapportert inn positive hurtigtestar.

Voss herad tilbyr vaksinering til born mellom 5 og 11 år. Dei som ynskjer å vaksinera born i denne aldersgruppa må registrera barnet så snart som råd. Me ynskjer å samla vaksinering av denne gruppa på ein ettermiddag.

I løpet av siste veka er det meldt om 169 nye smitta. I same tidsrom er det testa vel 550 personar på testsenteret.

Dei kommunale barnehagane i Voss herad går frå gult til grønt nivå frå måndag 7.2.2022. Opningstida i dei kommunale barnehagane vert då frå kl. 7:30 – 16:30

Frå onsdag 26. januar er det ikkje lenger karanteneplikt for husstandsmedlemer eller tilsvarande nære. Smittekarantene vert erstatta av dagleg testing. 

Dei med tre doser, eller to doser og gjennomgått korona siste tre månader, treng ikkje testa seg på ny på testsenteret dersom dei får positiv hurtigtest. Ved positiv hurtigtest, registrer deg her: https://hjemmetest.remin.no/voss (du må logga inn med BankID eller tilsvarande)

Torsdag 27. Januar kl. 17:15 - 18:00 i Gymsalen på Voss ungdomsskule.   

I løpet av siste veka er det registrert 145 nye smittetilfelle. I vaksinasjonssenteret er det sett 575 dosar med vaksine. I tillegg kjem vaksinene som er sett hjå apoteka.

Voss herad fylgjer nasjonale anbefalingar og vil gi tilbod om koronavaksine til born i alderen 5- 11 år, og andre dose til 12- 15 åringar

Dropin-vaksinasjon Onsdag 19. januar kl. 15:30 - 16:00 i Gymsalen på Voss ungdomsskule. 

Hugs at dersom du ynskjer tredje dose, må du ha tatt andre dose i veke 35 eller tidlegare. Me oppmodar om at du nyttar deg av heile tidsrommet for drop-in, dette for å unngå kø. Velkomen!

Denne veka er det sett 1042 vaksinedosar i gymsalen på Voss ungdomsskule.

Voss herad held fram med gult nivå i skular og barnehagar i to veker framover. Grunngjevinga er stort fråvær grunna høgt smittetrykk.

I løpet av dei siste sju dagane er det meldt om 144 nye smittetilfelle i Voss herad. I same periode er det testa kring 550 personar. 

Det er meldt om 70 nye smittetilfelle etter testing 10. og 11. januar. 30 av desse er heimehøyrande i barnehagar og skular, inkludert vidaregåande skule.

Stort fråvær skapar ein utfordrande situasjon i fleire barnehagar i Voss herad. Status i dag er at Bolstad barnehage er stengt, og ei avdeling i Tueteigen barnehage er stengt.

Dropin-vaksinasjon Torsdag 13. Januar mellom kl. 18:40 - 19:30 i Gymsalen på Voss ungdomsskule. Einaste betingelse for deg som ynskjer tredje dose: 20 veker sidan dose to.

Me oppmodar om at du nyttar deg av heile tidsrommet for drop-in, dette for å unngå kø. Velkomen! 

Vaksinasjonsteamet har sett 952 dosar med koronavaksine i veke 1, og me har no sett tilsaman 28129 dosar med koronavaksine i Voss herad. Frå neste veke kan du også tinga koronavaksine på apoteket.

Voss herad har opplevd aukande smitte den siste veka, med kring 100 nye tilfelle. Dei to siste dagane åleine er det meldt om 77 positive testar. I same periode er det gjennomført kring 400 PCR-testar ved testsenteret.

Det vart i går registert 48 nye smittetilfelle i Voss herad. 38 av desse er vossingar, busette i heradet. Ti er frå andre land eller kommunar. Det er venta at smittetala aukar, men det er likevel ikkje venta at me får mange med alvorleg sjukdom. Her er dei rutinene me har, og reglar som gjeld isolasjon, testing og karantene både for dei som er smitta og nærkontaktar.

Gjennom heile pandemien har Voss herad fylgt dei råd, anbefalingar og retningsliner som har kome frå nasjonale styremakter. Anbefalinga om å testa alle elevar og barnehageborn før skulestart har ikkje vore mogleg for heradet å fylgja, fordi det ikkje fanst nok testar. Voss herad har i staden prioritert å nytta testane på dei som har symptom, og syta for å ha tilgjengelege testar til desse.

Torsdag 6. januar vert det drop-in vaksinasjon frå kl. 18:40 - 19:00. Stad: Gymsalen på Voss ungdomsskule.

Årets siste koronainformasjon handlar om testing av elevar, rutinar for smittesporing og informasjon om vaksinering på nyåret. I tillegg til smittetal og tal testa siste sju dagar.

Dersom du fekk dose 2 før 20.  august 2021 kan du få dose 3 med koronavaksinen fyrste veka i januar 2022

I 2021 har me sett 27 177 dosar med koronavaksine. Første vaksinedag i 2022 vert 5. januar.

Personar med alvorleg svekka immunforsvar som har motteke tre dosar i primær-vaksinsasjonsserien kan no få oppfriskningsdose (fjerde dose) tre månader etter tredje dose.

Dagen før veslejolafta vert det siste DROP-IN vaksinering før jol! Onsdag 22. desember kl. 15:10 - 16:00.

I løpet av dei siste sju dagane ar testsenteret testa 230 personar. 33 nye smittetilfelle er registrert. Vaksineringa pågår for fullt.

Voss herad tilbyr vaksine mot korona til born mellom 5 og 11 år med alvorleg grunnsjukdom. Det er Folkehelseinstituttet som har sett opp lista over kva grunnsjukdommar som gjer at born kan få vaksine mot korona.

Me har ope måndag til torsdag frå kl. 12:30 til 15:00 framover, men held stengt joleafta og nyttårsafta. Les dei nye retningslinjene for nærkontaktar her.

Ved midnatt vert strenge nasjonale tiltak innført for å avgrensa smitte. Tiltaka er mellom anna gult nivå i skule og barnehage, skjerpa tiltak om heimekontor, skjerpa påbod om munnbind, endra karantenereglar, skjenkestopp og strenge reglar arrangement og uteliv, i kulturlivet og organiserte fritidsaktiviteter.

Du kan no få tredje dose koronavaksine 4,5 månader etter andre dose. Voss herad ligg godt an i høve vaksinering med tredje dose, og vil halda fram med å tilby tredje dose fortløpande til alle innbyggjarar. Me kjem til å prioritera innbyggjarar over 45 år først.

 Kring 250 personar er testa, det er sett 785 dosar med vaksine og registrert 48 nye smitta sidan sist torsdag. Men sjølv om smittetala er høge, er det svært få som vert alvorleg sjuke.

Personar over 45 år, helsepersonell og personar over 18 år med høg risiko for alvorleg sjukdomsforløp tilbys tredje dose med vaksina, fem månader etter andre dose. 

Det vert ved midnatt onsdag innført nye tiltak og tilrådingar for å få kontroll på den aukande smitten i samfunnet. Tiltaka omfattar både arbeidsliv, sosiale samankomstar og endringar i karantenereglane.

Det vert drop-in koronavaksinering på Voss ungdomsskule Onsdag 8. Desember kl 14:15-15:00. 

  

Pandemien er kome inn i ein ny fase, og regionale tiltak vert og innført i Voss herad. Tiltaka er dei same som vart innført i Oslo og kringliggjande kommunar torsdag. Målet er tiltak som avgrensar smitte og som tek ned presset på helsetenestene våre, på same tid som me skal halda samfunnet ope.

Voss herad skal klara å vaksinera alle over 65 år og helsepersonell med tredje dose før jol. God kapasitet gjer at også personar under 65 år får tredje dose koronavaksine før jol. 

Voss herad har sett 821 dosar med koronavaksine denne veka. I same periode er det registrert 15 nye smitta, og 177 personar har testa seg på testsenteret.

Alle som ynskjer dose tre må registrere seg i Helseboka

Talet på stadfesta smitta aukar i heile landet, også på Voss. Regjeringa har innført nye tiltak og tilrådingar, og Voss herad fylgjer som tidlegare tilrådingane frå sentrale styremakter.

Det er registert 10 nye smittetilfelle siste sju døgn i Voss herad. Testsenteret har i same tidsrom testa 180 personar medan det i vaksinasjossenteret pågår vaksinering med tredje dose til utvalde grupper for fullt.  

Personar over 65 år, samt helsepersonell med tett pasientkontakt er anbefalt tredje dose med koronavaksine.  

Helsepersonale med tett pasientkontakt kan no registrere seg for tredje dose med koronavaksine.  

Me vil i hovudsak vaksinere med Pfizer vaksina framover. Dersom du ynskjer å verta vaksinert med Moderna vaksina må du ta kontakt med vaksinetelefonen for å avtale dette før du bestiller time.   

I veke 42 tilbyr me Moderna vaksina i tillegg til Pfizer vaksina. Vidare framover vaksinerar me med Pfizer. Me minner om at dei av dykk som ynskjer Moderna må ta kontakt med vaksinetelefonen i førekant av vaksinering for å avtale dette.

 Det vert drop-in vaksinering i gymsalen på Voss ungdomsskule Onsdag 13. oktober kl. 11:30 – 12:30. 

  • Tilbodet gjeld for alle over 12 år.
  • Me vaksinerer med Pfizer denne dagen.

Regjeringa har vedteke at personar som er 65 år og eldre skal få tilbod om ein tredje dose med koronavaksina. 

    

  • Dose 3 tilbys til innbyggjerar over 65 år.
  • Intervallet mellom dose 1 og 2 til 16 - 17 åringar vert strekt til 12 veker. Minimumintervallet mellom dosane for denne aldersgruppa er 8 veker.
  • Voss herad er i sluttfasen av vaksinering mot Covid- 19 dose 1 og 2. Det er derfor svært viktig at dei som ynskjer vaksine, men endå ikkje har bestilt time gjer dette no.

Denne veka er det sett 464 dosar med. Totalt er det sett 21.340 dosar. Massevaksinasjonen vert snart trappa ned, så om du ynskjer vaksine, men ikkje fått, registrer deg i kø så snart du kan. 

 

Torsdag 30. september vert det drop in-vaksinering i gymsalen på Voss ungdomsskule frå kl 19- 19.30. Tilbodet gjeld for alle over 12 år.

Laurdag kl 16 går samfunnet over til normal kvardag med auka beredskap. Det betyr at dei fleste avgrensingane som vart innført 12. mars i fjor vert oppheva. Auka beredskap handlar mellom anna om oppfylging av dei som vert smitta.

Voss herad har tidlegare informert om tilbod om ein tredje dose vaksine til personar med alvorleg nedsett immunforsvar. Som tidlegare beskrive samarbeider heradet med fastlegane for innhenting av opplysningar om kven som kvalifiserer for ein tredje dose vaksine. Vedkomande som er oppgitt av sin fastlege å vera kvalifisert for ein tredje dose vil verta kontakta direkte av heradet med tilbod om vaksinetime.

Det vert drop in-vaksinering for alle over 18 år, onsdag 22. september frå kl. 13.45. Det vert drop in-vaksinering for alle over 16 år torsdag 23. september frå k. 11. Vaksineringa skjer i gymsalen på Voss ungdomsskule. Alle som møter til drop in-vaksinasjon må vera registrert i helseboka.no. Og me minner om at det må vera minimum fire veker mellom dose 1 og dose 2. 

Voss herad avviklar lokal forskrift, tiltak og tilrådingar som går utover nasjonale retningsliner ved midnatt søndag 19. september. Det betyr også at skular og barnehagar kan gå attende til grønt nivå.

Me startar opp med vaksinasjon av 12-15-åringar torsdag 23. september. Voss herad tilbyr ein dose vaksine til born født i 2006, 2007 og 2008. Born som er fødd i 2009 og er fylt 12 år per dags dato vil også få tilbod om vaksine. Dette er basert på tilrådingar frå Folkehelseinstituttet.

 

13. SEPTEMBER: Det er ikkje rapportert om nye smittetilfelle sidan tysdag 7. september. Heradet held likevel fast på tiltak og tilrådingar fram til nye retningsliner kjem frå regjeringa.

Det er sidan sist fredag registrert 7 nye smittetilfelle. I same tidsrom er det sett 721 dosar med Pfizer. Pr fredag føremiddag er 607 personar testa for korona.

Tidlegare i veka meldte Voss herad at tiltak og tilrådingar som vart innført 23. august vert vidareført til og med søndag 19. september. Du kan lesa meir om desse tiltaka og tilrådingane her: Vidarefører lokale tiltak og tilrådingar

Onsdag 15. september tilbyr Voss herad drop-in-vaksine til innbyggjarar over 18 år. Torsdag 16. september er det tilbod om drop-in-vaksine for dei over 16 år. 

7. SEPTEMBER: OPPDATEDERT: Voss herad fekk melding om to nye smittetilfelle tysdag kveld. Ein av desse er alt i karantene grunna smitte i husstanden, og har ingen andre nærkontaktar. Den andre er elev ved Voss gymnas. Det fører til at ei klasse pluss ein del private nærkontaktar må i karantene. Seinare vart det meldt om ytterlegare eitt smittetilfelle. Vedkomande er fullvaksinert, har lette symptom og kjent smitteveg frå ein annan kommune. 

Torsdag 9.september tilbyr me til drop-in vaksinering. Tilbodet gjeld for dei over 16 år 

Pasientar med alvorleg svekka immunforsvar vil no få tilbod om ei ekstra vaksinedose. Voss herad greier i tett samarbeid med fastlegane kven som skal få tilbod om 3. dose. 

Voss herad vidarefører lokale tiltak og tilrådingar frå 23. august. Vidareføringa gjeld frå og med i dag 6. september og til og med 19. september, eller til det kjem nye tiltak og tilrådingar frå sentrale styremakter.

Sidan torsdag i førre veke er det meldt om 36 nye smitta i Voss herad. 1267 personar er testa, og det er sett 789 dosar med vaksine. Komande veke får Voss 750 dosar vaksine.

Onsdag 1.september tilbyr me eit begrensa antal vaksinedosar til drop-in vaksinering. Tilbodet gjeld for dei over 18 år 

6. september startar Voss herad opp med vaksinering av 16- og 17-åringar. 

Alle skular og barnehagar går til gult nivå tysdag. Karantenefritaket for born og elevar som er nærkontaktar vert også endra.

Alle sjukeheimane i Voss herad og Hagahaugen er stengde for besøkande, i første omgang til og med onsdag 25. august.

Det har vore aukande smitte den siste veka, med 23 påviste koronatilfelle. Frå og med neste veke, veke 34, vil alle vaksinering skje i gymsalen på Voss ungdomsskule, ikkje i Voss idrettshall. 

19. AUGUST: Voss herad har fått stadfesta fem nye smitta personar torsdag. To av desse er er knytt til helse- og omsorgstenestene i Voss herad. Ein er elev ved Voss gymnas, dei to andre er lærarar.

Voss herad har tysdag kveld fått melding om ytterlegare sju smitta bebuarar ved Voss sjukeheim. Også ytterlegare ein tilsett er stadfesta smitta tysdag, noko som betyr at det sidan laurdag 14. august er registrert åtte smitta bebuarar og fire smitta tilsette ved sjukeheimen.

15. august: Voss herad melder sundag ettermiddag om at ein tilsett og ein bebuar på Voss sjukeheim har testa positivt for Covid. 

Voss herad opnar no opp for at alle som har teke vaksinedose 1 for minimum 21 dagar sidan kan framskunda time til dose 2 dersom det føreligg ledige timar framover.

Systemet Helseboka opnar no opp for at innbyggjarar sjølv kan endre tidspunkt for dose 2.

Voss herad melder torsdag ettermiddag om tre nye smittetilfelle. 

Me har testa 194 personar siste veke. 7 av desse har testa positivt. Ein er husstandmedlem til tidlegare smitta, fire høyrer til same miljø og to klarer med ikkje å kopla til andre smitta. 

Voss herad melder om tre nye smittetilfelle. 

Voss herad melder om eit nytt smittetilfelle tysdag føremiddag. Vedkomande har moderate symptom. 

Voss herad melder sundag om to nye smittetilfelle. 

Denne veka fekk me 1710 doser. Grunna store vanskar med å få inn innbyggjarar til dose 1, har me spart 67 glas til neste veke.

Voss herad er no i mål med å tilby alle over 18 år, og som har registrert seg i vaksinekø, time til vaksinedose 1

Me har i veke 30 og 31 vaksinedosar til overs, og me opnar no opp for at innbyggjarar som ynskjer det, kan framskunda vaksinedose 2. Det er ledige timar til vaksinering Torsdag 29.juli og onsdag 4. august.

 

Me har sett 954 dosar med vaksinen Pfizer denne veka

Voss herad melder onsdag om nytt smittetilfelle 

Voss herad melder om ein positiv Covid-test.  

 

16. juli: Her får du viktig informasjon og statistikk om korona og vaksinering:

10. juli: Voss herad melder om eitt nytt tilfelle av covid-19 laurdag morgon.

9. juli: Ein vossing tilknytt den ramma idrettsgreina under Veko er stadfesta Covid-positiv fredag kveld, melder Voss herad. 

8. juli: Voss herad oppmodar alle Vossingar og andre som oppheld seg på Voss, og som har delteke på private fester/nachspiel i samband med «Veko», eller med deltakarar frå «Veko», om å tinga time for testing i dag eller i morgon.

Voss herad har fått melding frå FHI om at kommunane kan prioritera 10 % av vaksinene til lærarar og barnehagetilsette. Vår IT-leverandør Helseboka har no oppgradert datasystemet slik at dette er mogleg å få til. 

Ordninga gjeld tilsette i barnehagar, skule og SFO som arbeider direkte med borna.