KoronatestingKoronatesting utførast i Lekvebakken 15. Me oppmodar innbyggarane om å tinge time til PCR-test på nettet, og å registrere positiv hurtigtest tatt heime på nett. Sist endra13.05.2022 09.53 Ting time til PCR-test her (Du må ha Bank ID for å nytte tenesta) Dersom du får positiv hurtigtest heime, registrer den her Bør eg teste meg? Luftvegssymptom som nyleg har oppstått: du bør testa deg. Bur saman med nokon som er smitta, har ikkje symptom: du treng ikkje testa deg. Barn i barnehage- og skulealder: treng ikkje testa seg. Det er tilrådd at dei held seg heime dersom dei er sjuke. Eg er smitta av covid- 19 Tilrådinga om å halde seg heime i 4 døger etter positiv test er no oppheva. Meir informasjon om tilrådinga finn du her Hurtigtest Gratis hurtigtest Du som er nærkontakt eller har symptom på covid-19 kan henta gratis hurtigtest frå servicetorget på Tinghuset i opningstida eller på testsenteret i Lekvebakken 15 når det er betjent. Maks to pakkar per hushaldning. Du som treng hurtigtest med svarbrev grunna jobbreise kan kontakte testsenteret for avtale. Me utfører dette gratis ved kapasitet og kun på dagar me utfører koronatesting (Per no måndag og torsdag) Positiv hurtigtest Dersom du får positiv hurtigtest heime, bør du fortsett registrera denne her. Positiv hurtigtest vert ikkje registrert på helsenorge.no, og vil ikkje visast i koronasertifikatet. Bør eg ta ein PCR-test for å stadfesta positiv hurtigtest? Ikkje fullstendig vaksinert (til dømes manglar oppfriskningsdose): du bør ta ein stadfestande PCR-test. Har fått oppfriskningsdose eller er grunnvaksinert og etterpå har gjennomgått covid-19 siste 3 månadar: det er ikkje naudsynt med stadfestande PCR-test. Svar på PCR-test Du kan logge deg inn på Helsenorge.no for å sjekke svaret på koronatesten din. Du må ha Bank ID for å nytta tenesta. Du kan òg ringe testsenteret eller kontakte din fastlege for prøvesvar. Smittesporing er avslutta Voss herad avsluttar no smittesporinga, det betyr at dei som er smitta ikkje vil få SMS av heradet. Om du vert smitta med korona treng du ikkje lenger informere nærkontaktane dine om smitten. Korleis føregår testinga? Koronatest vert utført av helsepersonell frå ei luke i veggen på testsenteret i Lekvebakken 15B. Ta med deg legitimasjon. Du som kjem med bil køyrer fram til merka plass. Gå bort til luka når det er ledig. Ha fødsels- og personnummer klart. Du som kjem gåande eller syklande vendar deg i luka når du kjem. Still deg i kø sjølv om du er tidleg ute. Me ber om at alle som ynskjer å teste seg med PCR- test bestiller time Me minnar om å lesa FHI sine retningslinjer for testing. Generelle spørsmål om korona Me oppmodar innbyggjarane til å ringa den nasjonale informasjonstelefonen for generelle spørsmål om korona: 815 55 015 eller å lese på FHI sine heimesider for oppdatert informasjon om viruset. Nasjonale råd og retningsliner Voss herad har sidan koronautbrotet i mars fylgd dei råd og retningsliner som kjem frå nasjonale helsestyresmakter. Det betyr at det ikkje er innført strengare retningsliner enn det som er skissert frå FHI og Helsedirektoratet. Folkehelseinstituttet - temaside korona Helse Norge - temaside korona Helsedirektoratet - temaside korona