Ting time til koronavaksinasjonDet er framleis mogleg å vaksinere seg mot korona i Voss herad. To av apoteka i sentrum tilbyr koronavaksinasjon ein dag i veka, i tillegg vaksinerer me ved testsenteret på Lekvebakken ved kapasitet. Sist endra25.04.2022 11.27 DOSE 4: OVER 80 ÅR Folkehelseinstituttet vurderer ut i frå dagens kunnskap og situasjonen i Noreg at det ikkje er grunnlag for å gje ei generell tilråding, men opnar opp for at personar over 80 år får tilbod om ny oppfriskingsdose dersom personane sjølv ynskjer det. Oppfriskingsdosa vil ikkje nødvendigvis erstatte behovet for ei ny oppfriskingsdose til hausten, då det er forventa ei ny smittebylgje. Personar over 80 år får no tilbod om ei 2. oppfriskingsdose (dette vert 4. dose) dersom det er ynskjeleg for den enkelte. Den enkelte som ynskjer vaksine kan tinge time på nettet eller ta kontakt med vaksinetelefonen. Kriteria: fått tre vaksinedosar ikkje gjennomgått koronasjukdom etter dei tre dosene minst fire månadar sidan forrige oppfriskingsdose Ting time i Lekvebakken her Eller ring vaksinetelefonen 900 89 662 Ting time hjå Vitusapotek Vossevangen her Tysdagar kl. 9-15, tlf. 565 30 777 Ting time hjå Apotek 1 Voss i Vangsgata her Fredagar kl. 9-15, tlf: 565 30 440 DOSE 1, 2 OG 3 Kriteria for dose 3: over 18 år minimum 20 veker sidan andre dose Dersom du har gjennomgått Covid- 19 etter at du vart fullvaksinert med to dosar, skal det gå minimum 3 månader, og det tilrådast 6 månader mellom andre og tredje dose. Intervall mellom 1. og 2. dose: Pfizer: 21 dagar Moderna: 28 dagar Kombinasjon av Pfizer og Moderna: 28 dagar Ting time i Lekvebakken her (over 12 år) Eller ring vaksinetelefonen 900 89 662 Ting time hjå Vitusapotek Vossevangen her Tysdagar kl. 9-15, tlf. 565 30 777 Ting time hjå Apotek 1 Voss i Vangsgata her Fredagar kl. 9-15, tlf: 565 30 440 DOSE 4: ALVORLEG SVEKKA IMMUNFORSVAR Personar med alvorleg svekka immunforsvar er tilrådd ein oppfriskningsdose (for denne gruppa vert det fjerde dose) minimum tre månader etter siste vaksinedose. Ting time i Lekvebakken her Eller ring vaksinetelefonen 900 89 662 Ting time hjå Vitusapotek Vossevangen her Tysdagar kl. 9-15, tlf. 565 30 777 Ting time hjå Apotek 1 Voss i Vangsgata her Fredagar kl. 9-15, tlf: 565 30 440 Ta med dokumentasjon ved vaksinasjon Dokumentasjon på at du tilhøyrer gruppa "personar med alvorleg svekka immunforsvar" kan vera brev frå behandlande lege, resept eller legemiddelpakning på medisinsk preparat. Kven inngår i gruppa med alvorleg svekka immunforsvar? Gruppe 1 Organtransplanterte Beinmargstransplanterte dei siste to åra Alvoreg og moderat medført immunsvikt Alvorleg nyresvikt ( stadium 5) eller aktiv dialyse Avansert eller ubehandla hiv- infeksjon Gruppe 2 Pasientar med pågåande betydeleg immundempande behandling av anna årsak. Dette er pasientar som brukar immundempande medisin som står på denne lista Kreftpasientar med aktiv eller nyleg gjennomgått immundempande behandling som av ansvarleg legespesialist er vurdert å ha svært nedsett immunforsvar Pasientar som av ansvarleg spesialist vert ansett å ha svært nedsett immunforsvar og som ikkje inngår i ein av gruppene ovenfor 12 - 15 ÅR Born og unge som er 12-15 år kan vaksinerast med andre dose dersom dei sjølve og føresette ynskjer det. Gjennomgått Covid- 19 erstattar behovet for ein vaksinedose. Les meir om utvida koronavaksinasjon til born og ungdom på FHI her Ting time til vaksinasjon i Lekvebakken her Eller ring vaksinetelefonen 900 89 662 Ting time hjå Vitusapotek Vossevangen her Tysdagar kl. 9-15, tlf. 565 30 777 Ting time hjå Apotek 1 Voss i Vangsgata her Fredagar kl. 9-15, tlf: 565 30 440 Samtykke frå føresette må føreligge ved både 1. og 2. dose Føresette kan samtykke digitalt eller fylle ut samtykkeskjema (PDF, 46 kB) (jmfr oppdaterte retningslinjer frå FHI 01.02.22). Dersom bornet har to føresette må begge føresette: - registrere bornet i vaksinekø for at digitalt samtykke skal vere godkjent. - signere samtykkeskjemaet for at det skal vere godkjent. Føresette eller andre støttepersonar er velkomne til å fylgje barnet til vaksinasjon. 5 - 11 ÅR Born i aldersgruppa 5-11 år kan vaksinera seg dersom føresette ynskjer det. Tilbodet er mest aktuelt for følgande born: med kroniske sjukdomar som er i kontakt med sårbare personar som skal opphalda seg eller flytta til land med høg smitterisiko eller dårlegare tilgang på helsetenester Tinge time: Ring vaksinetelefonen 900 89 662 eller kontakt liv.a.rong@voss.herad.no Samtykke frå føresette må føreligge ved både 1. og 2. dose Dersom bornet har to føresette må begge signere samtykkeskjemaet (PDF, 46 kB) for at det skal vere godkjent. Ein dose vert vurdert å gje best nytte-ulempe balanse. Det er mogleg å gje dose 2 etter 8-12 veker dersom føresette ynskjer det. Gjennomgått Covid- 19 vert rekna som ei immunologisk hending og kan erstatte behovet for vaksinedosar. Vaksina Comirnaty 10 mikrogram/dose er godkjent for aldersgruppa 5- 11 år. Les meir om vaksinasjon av born 5- 11 år på FHI her MODERNA ELLER PFIZER? For å bli vaksinert med Moderna-vaksina må du avtale dette før du tingar deg time ved å ringe vaksinetlf: 900 89 662 eller kontakte: liv.a.rong@voss.herad.no Me vil i hovudsak vaksinere med Pfizer vaksina framover. For at Voss herad skal nå dei nasjonale måla om vaksinasjon med oppfriskningsdose til befolkninga er me avhengige av å setje dei vaksinane me får tilsendt. Me oppmodar deg om å ta i mot den vaksinen du får tilbod om. Me vil ikkje ha høve til å tilrettelegge for den enkelte når ein møter til vaksinasjon. Personar under 30 år er tilrådd Pfizer-vaksina. KORONASERTIFIKAT Du finn koronasertifikatet ditt på Helsenorge.no Nye reglar for koronasertifikat frå 01.02.2022 Fullvaksinerte må ta oppfriskningsdose dersom det er gått meir enn 270 (ca 9 mnd) dagar sidan siste vaksinedose for å ha eit fortsatt gyldig koronasertifikat. Gjennomgått covid- 19 erstattar ikkje oppfriskningsdose på koronasertifikatet. Gjennomgått covid- 19 gir gyldig koronasertifikat i 180 dagar (6 mnd). Det tilrås å ta ein oppfriskningsdose 6 mnd sidan infeksjon for å få gyldig koronaserifikat. Kor mange dagar det tek før koronasertifikatet er gyldig etter vaksinasjon finn du her Oppdatert informasjon om endringar i gyldigheit for koronasertifikat for fullvaksinerte finn du her Les om endringer i gyldighet for koronasertifikatet for fullvaksinerte på FHI her Les kva som gir status som fullvaksinert på FHI her AVBESTILLE/ENDRE TIME Det er svært viktig at du avbestiller timen din, eller gjev beskjed til vaksinetelefonen dersom du ikkje kan møte til timen. Du kan sjølv avbestille/ endre timen din på Helseboka eller ring vaksinetelefonen: 900 89 662 Gløymde du å møte til timen din? Ring vaksinetelefonen for å avtale ny time: 900 89 662 BEBUARAR PÅ INSTITUSJON/OMSORGSBUSTAD Bebuarar på institusjon og i omsorgsbustader får tilbod om koronavaksina der dei bur, og treng ikkje tinga seg time til vaksinasjon. Nasjonale råd og retningsliner Voss herad har sidan koronautbrotet i mars fylgd dei råd og retningsliner som kjem frå nasjonale helsestyresmakter. Det betyr at det ikkje er innført strengare retningsliner enn det som er skissert frå FHI og Helsedirektoratet. Folkehelseinstituttet - temaside korona Helse Norge - temaside korona Helsedirektoratet - temaside korona