Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Oppdatert om covid-19

Voss herad har tidlegare informert om tilbod om ein tredje dose vaksine til personar med alvorleg nedsett immunforsvar. Som tidlegare beskrive samarbeider heradet med fastlegane for innhenting av opplysningar om kven som kvalifiserer for ein tredje dose vaksine. Vedkomande som er oppgitt av sin fastlege å vera kvalifisert for ein tredje dose vil verta kontakta direkte av heradet med tilbod om vaksinetime.

Det vert drop in-vaksinering for alle over 18 år, onsdag 22. september frå kl. 13.45. Det vert drop in-vaksinering for alle over 16 år torsdag 23. september frå k. 11. Vaksineringa skjer i gymsalen på Voss ungdomsskule. Alle som møter til drop in-vaksinasjon må vera registrert i helseboka.no. Og me minner om at det må vera minimum fire veker mellom dose 1 og dose 2. 

Voss herad avviklar lokal forskrift, tiltak og tilrådingar som går utover nasjonale retningsliner ved midnatt søndag 19. september. Det betyr også at skular og barnehagar kan gå attende til grønt nivå.

Me startar opp med vaksinasjon av 12-15-åringar torsdag 23. september. Voss herad tilbyr ein dose vaksine til born født i 2006, 2007og 2008. Born som er født i 2009 og er fylt 12 år per dags dato vil også få tilbod om vaksine. Dette er basert på tilrådingar frå Folkehelseinstituttet

13. SEPTEMBER: Det er ikkje rapportert om nye smittetilfelle sidan tysdag 7. september. Heradet held likevel fast på tiltak og tilrådingar fram til nye retningsliner kjem frå regjeringa.

Det er sidan sist fredag registrert 7 nye smittetilfelle. I same tidsrom er det sett 721 dosar med Pfizer. Pr fredag føremiddag er 607 personar testa for korona.

Tidlegare i veka meldte Voss herad at tiltak og tilrådingar som vart innført 23. august vert vidareført til og med søndag 19. september. Du kan lesa meir om desse tiltaka og tilrådingane her: Vidarefører lokale tiltak og tilrådingar

Onsdag 15. september tilbyr Voss herad drop-in-vaksine til innbyggjarar over 18 år. Torsdag 16. september er det tilbod om drop-in-vaksine for dei over 16 år. 

7. SEPTEMBER: OPPDATEDERT: Voss herad fekk melding om to nye smittetilfelle tysdag kveld. Ein av desse er alt i karantene grunna smitte i husstanden, og har ingen andre nærkontaktar. Den andre er elev ved Voss gymnas. Det fører til at ei klasse pluss ein del private nærkontaktar må i karantene. Seinare vart det meldt om ytterlegare eitt smittetilfelle. Vedkomande er fullvaksinert, har lette symptom og kjent smitteveg frå ein annan kommune. 

Torsdag 9.september tilbyr me til drop-in vaksinering. Tilbodet gjeld for dei over 16 år 

Pasientar med alvorleg svekka immunforsvar vil no få tilbod om ei ekstra vaksinedose. Voss herad greier i tett samarbeid med fastlegane kven som skal få tilbod om 3. dose. 

Voss herad vidarefører lokale tiltak og tilrådingar frå 23. august. Vidareføringa gjeld frå og med i dag 6. september og til og med 19. september, eller til det kjem nye tiltak og tilrådingar frå sentrale styremakter.

Sidan torsdag i førre veke er det meldt om 36 nye smitta i Voss herad. 1267 personar er testa, og det er sett 789 dosar med vaksine. Komande veke får Voss 750 dosar vaksine.

Onsdag 1.september tilbyr me eit begrensa antal vaksinedosar til drop-in vaksinering. Tilbodet gjeld for dei over 18 år 

6. september startar Voss herad opp med vaksinering av 16- og 17-åringar. 

Alle skular og barnehagar går til gult nivå tysdag. Karantenefritaket for born og elevar som er nærkontaktar vert også endra.

Alle sjukeheimane i Voss herad og Hagahaugen er stengde for besøkande, i første omgang til og med onsdag 25. august.

Det har vore aukande smitte den siste veka, med 23 påviste koronatilfelle. Frå og med neste veke, veke 34, vil alle vaksinering skje i gymsalen på Voss ungdomsskule, ikkje i Voss idrettshall. 

19. AUGUST: Voss herad har fått stadfesta fem nye smitta personar torsdag. To av desse er er knytt til helse- og omsorgstenestene i Voss herad. Ein er elev ved Voss gymnas, dei to andre er lærarar.

Voss herad har tysdag kveld fått melding om ytterlegare sju smitta bebuarar ved Voss sjukeheim. Også ytterlegare ein tilsett er stadfesta smitta tysdag, noko som betyr at det sidan laurdag 14. august er registrert åtte smitta bebuarar og fire smitta tilsette ved sjukeheimen.

15. august: Voss herad melder sundag ettermiddag om at ein tilsett og ein bebuar på Voss sjukeheim har testa positivt for Covid. 

Voss herad opnar no opp for at alle som har teke vaksinedose 1 for minimum 21 dagar sidan kan framskunda time til dose 2 dersom det føreligg ledige timar framover.

Systemet Helseboka opnar no opp for at innbyggjarar sjølv kan endre tidspunkt for dose 2.

Voss herad melder torsdag ettermiddag om tre nye smittetilfelle. 

Me har testa 194 personar siste veke. 7 av desse har testa positivt. Ein er husstandmedlem til tidlegare smitta, fire høyrer til same miljø og to klarer med ikkje å kopla til andre smitta. 

Voss herad melder om tre nye smittetilfelle. 

Voss herad melder om eit nytt smittetilfelle tysdag føremiddag. Vedkomande har moderate symptom. 

Voss herad melder sundag om to nye smittetilfelle. 

Denne veka fekk me 1710 doser. Grunna store vanskar med å få inn innbyggjarar til dose 1, har me spart 67 glas til neste veke.

Voss herad er no i mål med å tilby alle over 18 år, og som har registrert seg i vaksinekø, time til vaksinedose 1

Me har i veke 30 og 31 vaksinedosar til overs, og me opnar no opp for at innbyggjarar som ynskjer det, kan framskunda vaksinedose 2. Det er ledige timar til vaksinering Torsdag 29.juli og onsdag 4. august.

 

Me har sett 954 dosar med vaksinen Pfizer denne veka

Voss herad melder onsdag om nytt smittetilfelle 

Voss herad melder om ein positiv Covid-test.  

 

16. juli: Her får du viktig informasjon og statistikk om korona og vaksinering:

10. juli: Voss herad melder om eitt nytt tilfelle av covid-19 laurdag morgon.

9. juli: Ein vossing tilknytt den ramma idrettsgreina under Veko er stadfesta Covid-positiv fredag kveld, melder Voss herad. 

8. juli: Voss herad oppmodar alle Vossingar og andre som oppheld seg på Voss, og som har delteke på private fester/nachspiel i samband med «Veko», eller med deltakarar frå «Veko», om å tinga time for testing i dag eller i morgon.

Voss herad har fått melding frå FHI om at kommunane kan prioritera 10 % av vaksinene til lærarar og barnehagetilsette. Vår IT-leverandør Helseboka har no oppgradert datasystemet slik at dette er mogleg å få til. 

Ordninga gjeld tilsette i barnehagar, skule og SFO som arbeider direkte med borna.

Denne veka har me sett 881 dosar Pfizer BioNtech. 

667 er dose 1 og 214 er dose 2.

Til saman har me då sett 9873 dosar med Pfizer BioNtech og 334 dosar med AstraZenica.

Me ventar å få 786 dosar av type Pfizer BioNtech i veke 26.

I denne veka har me tatt 165 testar, alle har vore negative. 

Me har sett 630 dosar Pfizer BioNtech denne veka. Me har no sett tilsaman 8314 dosar med Pfizer BioNtech og 334 dosar med Astrazeneca.

Testsenteret i Lekvebakken 15 har ope for testing måndag til fredag gjennom heile sommaren. Her kan ein sjølv bestilla time på voss.herad.no (BankID) eller ringja tlf. 900 89662 mellom kl. 9-12 alle vekedagar.

4. juni: Viktig informasjon og statistikk om korona.

29. mai: Voss herad melder om eit nytt smittetilfelle laurdag morgon.

27. mai: Endå eit smittetilfelle i kveld, i tillegg får du her ei oppsummering av koronatal for Voss herad denne veka.

27. mai: Voss herad fekk seint onsdag kveld melding om to nye smittetilfelle.

26. mai: Regjeringa opnar for at skular og barnehagar kan driva på grønt nivå frå 27. mai i dei kommunane som ønskjer dette. 

25. mai: Voss herad melder tysdag ettermiddag at talet stadfesta smittetilfelle knytt til utbrotet 17. mai-helga no er oppe i 14 etter seks nye positive hurtigtestar i løpet av dagen. 

Voss herad melder tysdag morgon at tal stadfesta smittetilfelle knytt til utbrotet i samband med 17.mai-helga no er oppe i åtte etter eitt nytt positivt prøvesvar. 

Den smitta er del av same nærmiljø og er allereie i karantene. Det er ingen nye nærkontaktar. 

22. mai: 

Voss herad melder laurdag morgon at talet på stadfesta smittetilfelle knytt til utbrotet i samband med 17. mai-helga no er oppe i sju etter at det siste døgnet har kome inn ytterlegare to positive prøvesvar. 

Voss herad melder fredag morgon om eit femte tilfelle knytt til utbrotet i samband med17.-mai helga. 

21. mai: Voss herad fekk torsdag kveld meldt det fjerde Covid-tilfellet på to dager.

Me har sett 552 dosar med vaksine av typen Pfizer BioNtech denne veka.

Ein av elevane ved Vossestrand barne – og ungdomsskule fekk i dag, 19.05, påvist Covid – 19 .

Voss herad fekk meldt om to nye positive Corona-tilfelle seint fredag kveld. 

14. mai 2021: Her får du status på vaksinering, nytt om framdrift på vaksinering og nye smittetilfelle meldt torsdag.

7. mai 2021: Totalt tal dosar med Pfizer BioNtech denne veka: 492

5. mai 2021: Voss herad melder om to positive Korona-tilfelle onsdag. Begge testane vart tekne måndag. 

Tal dosar Pfizer - BioNTech sett denne veka: 624

Denne veka vart det sett 438 nye vaksinedosar, alle av typen Pfizer/BioNTech slik at me samla no har sett 3949 dosar.

Denne veka vert det sett 516 nye vaksinedoser, alle av typen Pfizer/BioNTech, slik at me til saman no har sett 3511 doser. 

Denne veka vert det sett 438 nye vaksinedoser, alle av typen Pfizer/BioNTech, slik at me samla no har sett 2995 doser.

7. april: Voss herad melder om eitt nytt Corona-tilfelle onsdag kveld. 

4. april 2021: For fyrste gong sidan 19. februar melder Voss herad om to nye Covid-tilfelle søndag ettermiddag. 

Denne veka er det sett 228 nye vaksinedoser, alle av typen Pfizer/BioNTech, slik at me samla no har sett 2557 doser.

Tal nye smitta: Ingen registrerte smitta i heradet så langt denne veka.

For å førebyggja og hindra meir spreiing av covid-19 viruset innfører regjeringa nye og strenge tiltak for heile landet. Då Voss herad ikkje har lokale tiltaka no, er det desse nasjonale tiltaka som gjeld for dei som bur og oppheld seg i Voss herad.

18. mars: Slik er stoda i Voss herad når det gjeld smitte, vaksine og smitteverntiltak.

Legemiddelverket ber personar som har fått AstraZeneca vaksina dei siste 14 dagane og som opplever kraftig aukande sjukdomskjensle med større eller mindre blå flekkar i huda (hudblødningar) meir enn tre dagar etter vaksinasjon om å oppsøkja fastlege eller legevakt så snart som mogleg.

Det er mange som ventar på å få vaksine mot covid-19 og det vart i Hordaland 9. mars stilt spørsmål ved kvifor det er ulikt tempo på vaksineringa i Vaksdal kommune og Voss herad.

Oppdatert informasjon om testing - isolasjon - smittesporing - karantene - vaksineprogrammet. 

Smittetilfellet er knytt til ein tilsett ved ein av institusjonane i heradet. Smittesporing har avdekka at ni nærkontaktar må i karantene.

Regjeringa avsluttar dei regionale tiltaka som òg omfatta Voss herad frå og med 22. februar. Frå den datoen er det dei nasjonale smitteverntiltaka som vil gjelda for Voss herad. Dei vert litt endra frå tidlegare. I pressemeldinga frå regjeringa kan du lesa om kva reglar og anbefalingar som vil gjelda.

18. februar: Det fyrste er ei PCR-stadfesting av ein positiv hurtigtest i går, ein test som heradet har meldt før. 

17. februar: Onsdag ettermiddag melder Voss herad at ein person har testa positivt for corona på ein såkalla antigen hurtigtest. Testen vart teken i samband med oppfølginga av smittetilfellet med omfattande ringverknadar som heradet meldte om tidlegare i dag. 

17.februar: Det eine smittetilfellet fører til at elevane ved ungdomsskulen i Granvin og borna i ei avdeling i Tueteigen barnehage vert sendt heim resten av veka. Ungdomsskuleelevane vil få digital undervisning. 

12 februar: Voss herad melder seint fredag om eitt nytt smittetilfelle, totalt det tredje i dag. 

Reglane gjeld til og med måndag 22. februar. Det skal gjerast ei ny vurdering innan 19. februar.

12. februar: Voss herad har fått meldt to nye tilfelle i dag.

12.februar: I samband med gjeldande nasjonale reglar er det stilt spørsmål om bruk av munnbind. Me har konsultert Statsforvaltaren i Vestland og fått følgjande svar:

11. februar: Voss herad har i ettermiddag hatt møte med statlege helsestyresmakter og nærliggjande kommunar. Tema for møtet var diskutera status i kommunane og ei eventuell lenging av tiltaka regjeringa innførte på søndag.

11. februar: Voss herad melder om tre nye smittetilfelle torsdag ettermiddag.

11.FEBRUAR: Voss herad har tidlegare rapporterT om smitte både ved Granvin barne- og ungdomsskule og ved Klausabakken barnehage.

10. februar: Voss herad har fått meldt fire nye smittetilfelle i kveld, totalt fem i dag.

9. februar: Voss herad melder om eitt nytt smittetilfelle på morgonen. Tilfellet kan sporast tilbake til sjukehuspasienten heradet meldte om før helga, men er ikkje knytt til sjølve sjukehuset.

8. februar: Voss herad fekk i kveld meldt eitt nytt smittetilfelle som er knytt til sjukehuspasienten heradet meldte om før helga.

Nok ein gong opplever me strenge tiltak i samband med koronapandemien. Regjeringa har definert tre kommunar  som Ring 1 kommunar som har fått dei strengaste tiltaka, medan nabokommunar til kommunar med pågåande utbrot er blitt definerte som Ring 2 kommunar, slik Voss herad er.

8.februar: Ein tilsett ved Klausabakken barnehage er stadfesta smitta av Covid-19, og det fører til at om lag 50 born vert definerte som nærkontaktar og sett i karantene.

7. februar 2021: Regjeringa har etter oppmoding frå kommunane i vår region innført strenge tiltak. Grunngjevinga er ein uoversiktleg smittesituasjon i samband med mutantvirus.

7.februar 2021 : Voss herad melder om eitt nytt smittetilfelle sundag morgon.  

 

Voss herad melder om tre nye smittetilfelle fredag morgon. 

På grunn av ein feil i systemet har det gått ut sms til mange inbyggjarar i føremiddag ang vaksinering. Denne er feil, og du må sjå vekk frå sms'en.

 

Granvin barne- og ungdomsskule vert stengt ut neste veka - ei rekkje elevar og deira hushaldsmedlemar må i karantene

Me har til no ikkje fått påvist positiv svar relatert til dei prøvene me tok i går og på tysdag.

Kommunane Ulvik, Eidfjord, Voss, Ullensvang, Kvam, Samnanger har i kveld hatt møte med Statsforvaltaren, Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet for å oppdatera kvarandre på situasjonen per no og diskutera eventuelle felles tiltak.

Kommunane er einige om at dei nasjonale råda ligg til grunn for å førebyggja smitte. Vidare gjer kvar kommune eigne vurderingar om ytterlegare tiltak er nødvendig i deira kommune ut frå gjeldande smittesituasjon og risikobilete.

Etter at det i går vart informert om mange nærkontaktar på Voss til to av dei som er stadfesta smitta i Ulvik herad, er om lag 40 personar sett i karantene. I tillegg er deira husstandsmedlemar sett  i ventekarantene. Det er gjennomført testing og det vert testing gjennom dagen. Voss herad forventar testsvar i løpet av kvelden og morgondagen.

Smittesporing i Ulvik herad har avdekka mange nærkontaktar i Voss herad. To av dei smitta i Ulvik har vore elevar ved skular i Voss herad. Det fører til mange nærkontaktar. Nokon av nærkontaktane syner allereie symptom på covid 19, og det er venta ein del positive testar dei næraste dagane. Det er påvist at det gjeld den britiske mutasjonsvarianten som er svært smittsam. 

Det er i løpet av dei siste dagane stadfesta 10 tilfelle av koronasmitte i Ulvik herad. Mikrobiologisk avdeling på Haukeland har i dag gjort ein førebels screeningtest, som tyder på at utbrotet er forårsaka av den britiske varianten av viruset. Det er ein samanhang mellom utbrotet i Ulvik og smittetilfelle i Voss og mogleg samanheng i Kvam.

Voss herad melder om tre nye positive Coronavirus-prøvar søndag føremiddag. 

Det vart stadfesta tre nye smitta med Corona-virus i Voss herad torsdag kveld. Alle dei tre har lette eller ingen symptom.

Voss herad er bygd for sterke opplevingar og skodd for krisehandtering. Men ikkje minst er Voss herad bygd for alle. Her er rådmannen si helsing til alle tilsette i Voss herad.