Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

23. AUGUST: Gult nivå i skule og barnehage. Ikkje karantenefritak for barn og unge

23. AUGUST: Gult nivå i skule og barnehage. Ikkje karantenefritak for barn og unge

Alle skular og barnehagar går til gult nivå tysdag. Karantenefritaket for born og elevar som er nærkontaktar vert også endra.

Frå og med tysdag 24. august er alle skular og barnehagar i Voss herad på gult nivå. Bakgrunnen er smittesituasjonen, og eit svært omfattande arbeid med testing og smittesporing. Skular og barnehagar informerer heimane om dette så snart det let seg gjera.

Her kan du lesa om gult nivå for barnehagar: https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/covid-19-smittevern-i-barnehager/smitteforebyggende-tiltak/nivainndeling-av-smitteverntiltak-trafikklysmodell

Her kan du lesa om gult nivå for barneskular: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smitteverntiltak-for-barnehager-og-skoler/#a157223

Her kan du lesa om gult nivå for ungdomsskulen: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smitteverntiltak-for-barnehager-og-skoler/#a157224

Smittekarantene mellom testar

Voss herad fjernar også karantenefritaket  for elevar i både grunnskule og vidaregåande skule samt  for barnehageborn. Det betyr at alle som er nærkontakt til ein smitta må vera heime i karantene i 10 dagar med moglegheit for å testa seg ut med PCR-test etter en uke.  

Dette er ei endring frå retningslinene frå FHI som tredde i kraft 16. august, som sa at born og unge under 18 år ikkje må i smittekarantene dersom nokon i klassen eller avdelinga får påvist smitte, men i staden verta testa hyppig over fleire dagar.

Med smittesituasjonen på skulane og barnehagane i Voss herad medfører dette at kapasiteten på testsenteret vert sprengt, og heradet gjeninnfører no smittekarantene også for dei unge.

Som tidlegare vil alle born som er nærkontaktar straks hamna i karantene, og vert testa så snart som råd etter eksponering samt etter ei veke. Voss herad meiner dette i større grad er eigna til å stoppa eventuell smitte.

Heradet har sett på moglegheitene for at skulane og barnehagane sjølv testar alle nærkontaktar med hurtigtestar, men har ikkje vurdert dette som eit eigna alternativ.  

Tilrår test for vaksinerte

Voss herad tilrår og oppmodar også alle som er vaksinerte, både dei som har fått ein dose og dei som er fullvaksinerte, om å testa seg både straks etter eksponering og etter sju dagar, dersom dei vert definert som nærkontakt til ein med stadfesta smitte.

Heradet oppmodar i tillegg dei vaksinerte, både del- og fullvaksinerte, om å halde seg heime til svaret på første PCR-test er klart på helsenorge.no

Me minner også om at alle med sjølv med milde luftvieissymptom, både dei som er del- og fullvaksinerte , må testa seg for korona og halda seg heime til svar på PCR-test ligg føre og symptom ikkje lenger er til stades.

Smitte på fleire skular

Det er dei siste dagane påvist smitte på Voss ungdomsskule, Vangen skule, Skulestad skule Voss gymnas og Klausabakken barnehage Det har samla sett ført til hundrevis av nærkontaktar, noko  som fører til eit kraftig press på testsenteret når alle desse skal testast både to og tre gonger, i tillegg til ordinær testing.

Voss herad oppmodar alle til å ha eit godt smittevern, og syta for god handhygiene, halda minst 1 m avstand , hosta i armkroken og halda seg heime samt testa seg om ein er sjuk.