Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

29.09.2020 To positive testresultat

29.09.2020 To positive testresultat

To nye personar som vart testa på Voss i går, har fått stadfesta at dei er smitta av kononaviruset.

Den eine personen er heimehøyrande på Austlandet, men er på besøk på Voss. Vedkomande fekk testa seg hjå oss i samband med pågåande smittesporing i heimkommunen. Utover nærkontakt med eigen familie er det ikkje grunn til å tru at andre på Voss er eksponert.

Den andre personen er heimehøyrande på Voss, og i nær relasjon med ein av dei som testa positivt sist veke. Vedkomande har vore i karantene i denne perioden, og har fylgjeleg ikkje hatt kontakt med nokon andre.

Det er sidan koronautbrotet i mars registrert 45 smitta personar mellom innbyggjarar i Voss herad.