Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Oppdatert om covid-19

NRK har laga ein god artikkel som med animasjon viser korleis virus smittar, og kvifor det er viktig at me gjer som Folkehelseinstituttet seier, og held oss mest mogleg vekke frå kvarandre. Rull deg nedover i artikkelen til NRK for å læra meir: https://www.nrk.no/norge/xl/slik-virker-den-nasjonale-koronadugnaden-1.14947139?fbclid=IwAR0g_OwPUoC-TXV7SQVtcc2y7IZaJEgYol6SDdIyVTxqWlaEb_8fFz2t9FM

Voss herad har vurdert permittering av tilsette slik situasjonen er no. Konklusjonen er me ikkje gjer dette. 

Tre nye personar har testa positivt på korona. Alle tre er busette i Voss herad, og er isolerte heime med lette symptom. Felles for dei tre er at dei er helsepersonell, men har ulike arbeidsstader og arbeidsgjevarar.

Næringslivet på Voss mobiliserer og tilbyr tenester der innbyggarar kan bestille daglegvarer direkte fra butikkane.

Når barnehage og SFO er stengt grunna korona skal ikkje føresette betale for plassen.

Alle miljøstasjonar er stengde for private f.o.m. 17. mars og inntil vidare. Innsamlingsrutene for hushaldningsavfall går som vanleg.

Har du helsefagleg utdanning eller erfaring, men jobbar med andre oppgåver i dag? Då ynskjer me at du registrerer deg her:

Skjema for registrering av helsefagleg kompetanse

Måndag oppdaterte Folkehelseinstituttet nasjonale råd. No skal du ikkje gå på jobb, men halda deg heime om du har symptom på forkjøling eller halsvondt.

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb har eit viktig bodskap til alle innbyggjarar: Klikk over her for å lesa teksten

 

Som tiltak for hindra spreiing av smitte, er det innført avgrensingar i høve legetimar for dei med symptom på luftvegsinfeksjonar.

Koronakrisen fører til endringar innan helse og omsorg.

Det fyrste tilfellet av koronavirus er påvist, knytt til ein person busett i Voss herad. Vedkomande er ei kvinne, som har milde symptom. Ho er heimeisolert, og det pågår smittesporing for å forsøkja å finna ut korleis vedkomande er smitta.

Det er så langt ikkje mogleg å knyta dette tilfellet til opphald i utlandet, verken direkte eller indirekte.

Rådmann Arild M. Steine summerer opp dei siste dagane, og takkar alle tilsette for innsatsen i ei vanskeleg tid.

Voss herad er bygd for alle. Det har vore med tungt hjarte me denne veka har måtta ta avgjerder og innføra restriksjonar som rokkar ved dei tinga som gjer Voss til Voss. Voss er arrangement, festivalar, opplevingar, ski, turisme, fellesskap og så mykje meir. Denne veka har alt dette fått ein brå stogg.

Voss herad ber matbutikkar stengja salatbuffetar og andre liknande ordningar der kundane nyttar felles reiiskap til å henta spiseklare varer, til dømes sjølvplukk av smågodt.I sjølvbetjente disk må spiseklare varer vera ferdigpakka.

Voss herad viser til Helsedirektoratet sitt vedtak av 12. mars 2020 som er heimla i smittevernlova om forbod mot matservering frå buffet. 

Dette gjeld frå måndag 16. mars

Dei som har spørsmål kring helsestyresmaktene sine råd om å halda seg heime, eller SMS sendt til alle som oppheld seg i Voss herad, må ikkj ebelasta dei kommunale vakttelefonane. Alle svar Voss herad har, er å finna på denne sida Samleside om korona, eller på sidene til Folkehelseinstituttet. 

For dei som lurer på korleis me har telefonnummeret til alle, så har me ikkje det. Voss herad nyttar, som mange andre kommunar, eit lokasjonsbasert system som gjer det mogleg å senda sms til alle mobiltelefonar innanfor eit geografisk område. Det betyr at systemet kommuniserer med sendarane for mobil i det området me definerer, og derfor får alle same melding.

Voss herad har informert alle som oppheld seg innan Voss herad sine grenser om be alle respektera råda frå helsestyresmaktene. 

Ein person har testa positivt på covid-19, korona, ved Voss legevakt. Denne personen er ikkje heimehøyrande i Voss herad, men oppheld seg i kommunen.

Voss herad har ikkje grunn til å tru at vedkomande har vore i kontakt med andre. Personen reiste direkte til Voss herad etter heimkomst frå utlandet, før helsestyresmaktene oppmoda folk om å halda seg heime.

Vedkomande er no isolert.

Voss herad sitt sentralbord er stengt til måndag morgon. Spørsmål om testing, ring tlf 900 89 662, telefonen er bemanna mellom 08 og 20. Ikkje møt opp utan avtale, ring på førehand. For generelle spørsmål om korona, ring 815 55 015.

Voss ungdomsråd støttar alle tiltak som Voss herad gjer, og oppmodar all ungdom om å følge folkehelsedirektoratet sine tips.

Alle skulane er stengde for alle som ikkje fyller kriteria for omsorgstilbod på skulane, frå torsdag 12.3.2020 kl. 18.00 til og med 26/3 2020. Det betyr at det vert lagt opp til heimeundervisning. 

Voss herad har eit omsorgstilbod for barnehageborn og elevar frå 1.-7. trinn med foreldre som har eit arbeid som kjem inn under kriteria for «kritiske samfunnsfunksjonar». Det er også eit tilbod for born og elevar med særlege omsorgsbehov.

Situasjonen med koronaviruset påverkar ei rekkje kommunale tenester, mellom anna PPT, barnevern og helsestasjon.

Voss herad får mange spørsmål knytt til løn til kommunalt tilsette som må vera heime med born grunna stengt skule eller barnehage.

Det vert stans av fysiske møte mellom brukarar og støttekontakter/treningskontakter i to veker, til og med 26.03.2020.

Me står overfor ein heilt ekstraordinær situasjon. Skal me lukkast med å hindra smittespreiing, må me leva etter dei pålegg som er kome. 

Statsminister Erna Solberg gjorde torsdag kl 14 greie for nye og strenge tiltak for å stoppa smitte av korona

For å unngå overbelastning på fastlegekontora, vert innbyggjarane oppmoda til å søkja informasjon på nett, ringa informajsonstelefonen eller nytta e-konsultasjon. 

Helsestyresmaktene har tysdag kveld kome med nye nasjonale råd, knytt til offentlege arrangement og samling av folk. 

Grunna nye nasjonale råd frå helsestyresmaktene vil Voss herad vurdera om alle møte og samlingar i kommunal regi skal utsetjast eller avlysast. Samlingar med 100 deltakarar eller meir vert avlyst.