Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Alle tiltak frå regjeringa utvida til over påske

Alle tiltak frå regjeringa utvida til over påske

Regjeringa sine tiltak for å stogga smittespreiing vert forlenga til 13. april. 

Alle tiltaka som regjeringa innførte 12. mars vert vidareført til og med 13. april. Dette vert gjort for å hindra at korononaviruset spreier seg for raskt. Målet er at helsetenestene skal ha kapasitet til å handtera koronautbrotet. 

Dette betyr at alle skular og barnehagar framleis er stengde.

Reglane om karantene og isolasjon vert oppretthaldne. Det betyr at om ein har vore i kontakt med koronasmitta eller har vore i utlandet skal ein sitja i karantene. Ved påvist korona skal ein sitja i isolasjon. Les meir om karantene og isolasjon her: FHI sine sider om karantene og isolasjon

Vidare gjeld råd om handhygiene og hostehygiene, og ein skal unngå å samlast i grupper på meir enn fem personar, så lenge ein ikkje er i same husstand. Utandørs skal ein halda ein meter avstand til kvarandre, minst to meter innandørs. Regjeringa oppmodar framleis å i størst mogleg grad ha heimekontor. 

Alle kultur- og idrettsarrangement vert framleis forbode. 

For helsepersonell er det forbode å reisa utanlands. Dette forbodet gjeld i fyrste omgang ut april 2020.

Forskriften som forbyr overnatting i fritidsbustad i annen kommune enn heimekommunen gjeld også vidare. 

Hald deg oppdatert om reglar og råd hjå Folkehelseinstituttet si temaside om korona.